Som ein del av innføringa av digitale innbyggartenester i Helse Midt-Norge vil timeavtalar og endringar ved sjukehusa no bli vist på helsenorge.no.
Dette gjer at du enkelt får oversikt over din neste time ved sjukehuset, og at du raskt får beskjed dersom timen din blir endra. Du blir varsla med SMS eller e-post, avhengig av kva du sjølv har valt som varsling på helsenorge.no.
Slik gjer du det:
1. Gå inn på helsenorge og logg inn i «Min helse»
2. Dersom du ikkje har logga inn på «Min helse» tidligare, får du spørsmål om å gi samtykke.
3. Klikk på «Timeavtaler»
4. Dersom du har time ved eit av sjukehusa i Helse Midt-Norge, ser du ei liste over dine timar.
5. Klikk på timen for å få opp detaljane rundt avtalen.
Tilbodet er en tilleggsteneste til ordinært innkallingsbrev og SMS-påminning frå avdelingane, som du framleis vil få. Ver obs på at ikkje alle avdelingar har teke i bruk løsninga på helsenorge.no enda.