HELSENORGE

Fekk høgthengande internasjonal pris for doktogradsartikkel

Innovasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal har fått den gjeve Galileo Galilei prisen for den beste artikkelen i den europeiske fysikkjournalen Physica Medica. Artikkelen omhandla teknikkar for stråling til brystkreftpasientar.


F.v. Medforfattar Ana María Acosta Roa, sjefsredaktør Paolo Russo for
Physica Medica og Christer Jensen.


Av 250 publiserte artiklar i den anerkjente fysikkjournalen Physica Medica blir 15 plukka ut til evaluering. Og for 2018 var det Christer Jensen og medforfattarar sin artikkel som scora høgast.

Prisutdelinga gjekk føre seg i Warszawa 12. oktober i ein seremoni med talar, overrekking av Galileo Galilei-medaljen og diplom.
- Når ein ser på tidlegare vinnarar, er det nesten surrealistisk at ein forskar frå Helse Møre og Romsdal vinn prisen for beste medisinske fysikk artikkel. Samtidig har vi sett ein klar auke og kvalitet på forskinga i føretaket, og dette er eit bevis på at det er mogleg å levere svært god forsking med begrensa ressursar, seier Jensen.

Traff godt
Physica Medica er den offisielle journalen til den Internasjonale Organisasjonen for Medisinsk Fysikk, og dekker til dømes stråleterapi, nukleærmedisin, CT og MR. Journalen mottar om lag 1000 manuskript kvart år, der 250 av desse blir publisert. Galileo Galilei prisen deles ut årleg, og det er dei 15 artiklane som har fått størst interesse som blir evaluert.
- Dei gir poeng ut i frå gitte kriterier, og vi har tydeleg treft godt på metode, gjennomføring og skriving av artikkelen som omhandla teknikkar for avlevering av stråling til brystkreftpasientar, opplyser Jensen.



Takker medforfattarar
Prisen vart delt ut på bakgrunn av den fjerde artikkelen i Jensen si doktorgradsavhandling. Christer nyttar høvet til å rette ein stor takk til sine medforfattarar Ana María Acosta Roa, Marie Johansen, Jomar Frengen og Jo-Åsmund Lund for bidraga i artikkelen.

Lenke til artikkelen publisert i Physica Medica.