- Dette er ei gladmelding for oss som skal gjere store
sjukehusinvesteringar. Slik vi forstår det vil det gjere det lettare for Helse
Møre og Romsdal når vi skal starte på tilbakebetalingane av lånet for Sjukehuset
Nordmøre og Romsdal. Vil vil sjå nærare på kva konsekvensar
dette vil få for oss når detaljane kjem og gjere berekningar for langsiktig
berekraft, seier adm. dir. Espen Remme

Meir tid til nedbetaling
Endringane har vore etterspurt av helseregionane lenge og gir mellom anna helseføretaka meir tid til å nedbetale lånet til staten ved at avdragstida blir auka frå 25 til 35 år. Eit av punkta som blir trekt fram i saka frå Helse- og omsorgsdepartementet er:
«Nytt sykehus i Møre og Romsdal vil kunne få en lavere belastning likviditetsmessig de første årene etter at utbyggingen er ferdigstilt anslått til om lag 30 millioner kroner årlig som følge av lengre avdragstid og om lag 60 millioner kroner årlig hvis de velger et annuitetslån».
Les pressemeldinga frå Helse- og omsorgsdepartementet
Av:
Guri Viken