Leiar for prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan, orienterte under styremøtet om status i arbeidet med å utarbeide grunnlaget for ny konkurranse for bygging av akuttsjukehuset å Hjelset.
Positive entreprenørar
Under dialogmøtet med marknaden 12. mars fekk prosjektleiinga positive tilbakemeldingar til korleis den nye kontraktstrategien og konkurransegrunnlaget er tenkt utforma. Dermed går det mot utlysing av konkurranse i april/mai 2019.

Frå dialogmøte med marknaden 12. mars
- Eg opplever at kontraktstrategien som er valt er god for å sikre ein gjennomføring av prosjektet innanfor dei økonomiske rammene som er vedteke for prosjektet.
SNR-prosjektet er ein av Helse Midt-Norges prioriterte investeringar i langtidsbudsjettet og skal realiserast, sa styremedlem Nils Kvernmo
Framdrift i arbeidet
I tida framover vil prosjektstyret saman med ny prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal og utbyggingssjef Helge Johan Hestad jobbe med å ferdigstille grunnlaget for ny konkurranse Kontraktstrategien og konkurransegrunnlaget skal kvalitetssikrast av ein eksternt aktør før ein lyser ut ny konkurranse. Planlagt byggestart for akuttsjukehuset er hausten 2020.

Sjå presentasjonen frå møtet her
Les nytt mandat for prosjektstyret
Av:
Guri Viken