Parallelt med arbeidet med traumesystemet, har ei anna arbeidsgruppe vurdert den akuttkirurgiske vaktordninga for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus. Kirurgane i Volda har i dag ei vaktordning for inneliggande pasientar i helgene.
Belasta ved operasjon og sengepost i Ålesund
Klinikk for kirurgi har anbefalt at denne vaktordninga også kan behandle akuttkirurgiske pasientar på helg, slik at ein betre utnyttar ressursane.
I lys av at kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, er målet at driftsendringa vil føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa.
- Må gjerast innanfor budsjett
Denne driftsendringa ein del av klinikken sine tiltak for å betre helseføretaket sin økonomi, noko administrerande direktør stiller seg bak.
- Føresetnaden for at vi går inn for dette no er at det gjerast innanfor budsjett, seier Nils Kvernmo, konstituert administrerande direktør.
Startdato vil vere i løpet av hausten 2019, og helseføretaket skal evaluere konsekvensane av driftsendringa i løpet av planperioden og før 2022.
Les også: Oppdaterer traumesystemet i tråd med nasjonal traumeplan
Les også: Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen