- I etterkant av styremøtet har ein jobba med grunnlaget for ein konkurranse der vi mellom anna har hatt samtaler med tilsette og tillitsvalte og der vi også har gjort juridiske vurderingar. Leiinga i føretaket har landa på at ein verksemdsoverdraging vil sikre den beste løysinga for framtidig drift, seier Mona Aagaard-Nilsen, klinikksjef i klinikk for drift og eigedom.
Ny arbeidskvardag
Ei verksemdsoverdraging vil sikre vidareføring av dei tilsette sine jobbar sjølv om dei får ny arbeidsgivar. Dei tilsette vil også i hovudsak få behalde dei same betingelsane som dei har i Helse Møre og Romsdal.
- Vi kjenner ikkje i dag alle dei praktiske detaljane for gjennomføring av ein slik verksemdsoverdraging, sidan dette er avhengig av den nye leverandøren sitt tilbod til oss. Men vi forsøker med dette å unngå oppseiingar av tilsette. På denne måten sikrar vi også at viktig kompetanse ikkje går tapt i overgangsfasen, seier Aagaard-Nilsen.
Vidare arbeid
Det er gjennomført kartleggingssamtalar med alle tilsette og omstillingsarbeidet blir vidareført etter påske og vil halde fram mot planlagt oppstart av ny kontrakt hausten 2019.
Av:
Guri Viken