
Dei nye lærlingane i ambulansetenesta. Teamet som skal følge lærlingane er mellom anna (f.v.) fagrådgiver Tore Paulsen, ass. avdelingssjef Knut Erik Skogheim, avdelingssjef Lars Erik Sjømæling og seksjonsleder Jonny Moen.
Denne veka møtte 16 motiverte lærlingar
ved ambulansestasjonen i Breivika i Ålesund til informasjonsmøte om dei to åra
som no ligg føre dei. Stemninga var upåklageleg lett, og latteren satt laust
både hos forventningsfulle lærlingar og veiledarar.
- Vi har fått 16 særs godt kvalifiserte kandidatar. Av 123 søkjarar blei 63
invitert på fysisk test, og av desse var det 36 som fekk bestått og som gjekk vidare
til intervjurundane, seier Lars Erik Sjømæling, avdelingssjef for prehospitale
tenester i HMR.
TV serie til inspirasjon
Sjømæling meiner at den store interessa for lærlingeplassane mellom anna kan
knytast til TV-serien 113 som har blitt vist på NRK. Dokumentarserien har satt fokus på ambulanestenesta
og verkelig fått fram den viktige samfunnsrolla dei gjer, og ikkje minst spenninga
og variasjonen i arbeidskvardagen.
- I intervjua fekk vi fleire gonger høyre at serien 113 hadde påverka valet. Samstundes
så har vi dei siste åra opplevd stadig fleire søkjarar til lærlingeplassane,
også før serien vart vist på TV. Å arbeide i ambulansetenesta er fagleg krevjande,
men gir også store opplevingar. Noko som er ein motivasjon for mange av dei som
søkjer seg hit, seier Sjømæling.

Lærlingane Stian Karlsen og Kristina Aspås gleder seg til nye utfordringer.
Ser fram til krevjande oppgåver
Kristina Aspås og Stian Karlsen er to av lærlingane som no skal starte på den
toårige læretida. Begge er særs motiverte til å kome i gang.
- For meg var det viktig å velje eit yrke kor eg får variasjon i
arbeidskvardagen. Læretida her vil gje meg både fysiske og psykiske krevjande
oppgåver, og det ser eg fram til. Å sitte på eit kontor passar ikkje meg, seier
Kristina.
Stian har vore elektrolærling tidlegare, men fant ut det ikkje passa for han.
- Eg ser fram til å få utfordringar og ansvar, og bli satt krav til. I tillegg blir
det sterke inntrykk og sikkert ein heil del spenning, seier Stian.
Begge to er spente på korleis dei vil takle traumesituasjonar, men dei meiner
sjølve at det er vanskeleg å vite før dei står i situasjonen. I læretida vil
dei gå gjennom eit tettpakka fagleg program som også inkluderer hospitering på
avdelingar innan medisinsk intensiv, anestesi og føde. På slutten av læretida blir
det i aukande grad meir operativ teneste.
- Det er utfordrande å ha læretida i ambulansetenesta, men vi er ikkje aleine.
Her er det eit godt team som arbeider for at vi skal bli best mogleg
kvalifiserte til å ta oss av pasientane den dagen vi er ferdig utdanna, fortel
Kristina og Stian.
Får lære mykje om seg sjølve
Tore Paulsen er fagrådgivar ved avdeling for
prehospitaletjenester i HMR og skal arbeide tett opp med lærlingane.
- Dei får lære mykje om seg sjølv på desse to åra. Noko av det viktigaste er
evna til å bry seg om kvarandre. Det er noko ein ofte må ha i ryggmargen, seier
Paulsen, og legg til at nokre undervegs også finn ut at yrket ikkje passar for dei.
Sjømæling og veileiarane ved ambulansetenesta fekk i fjor prisen for årets
lærling i Møre og Romsdal, sølv i yrkes NM for nokre år sidan og mange i årets lærlingekull
gjekk ut med beste karakter. Grunnutdanninga til yrket som ambulansearbeidar er
fireårig. Dei to første åra består av VG1 Helse- og sosialfag og VG2
ambulansefag i vidaregåande skule. Deretter
følgjer to år med læretid.
Her kan du lese meir om korleis du blir autorisert ambulansearbeidar.