
HMR logo
24. januar vedtok styret at Helse Møre og Romsdal skulle gå vidare med planlegginga av omstillingstiltaka. Eitt av tiltaka som står på lista er å vurdere om ein kan kjøpe reinhaldstenester frå ein ekstern leverandør i Molde og Kristiansund. I Ålesund og Volda har ein allereie ein ekstern leverandør.
6.mars blir det derfor gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) av outsourcing reinhald, kor over 40 deltakarar er invitert. Dette er aktuelle tilsette og leiarar frå reinhald samt samarbeidande seksjonar, tillitsvalde, verneombod og brukarar.
- Vi har bedt deltakarane om å vurdere konsekvensane av å outsource reinhaldstenesta, kontra det å drifte tenesta med eiga personell. I forkant av analysen vil deltakarane få tilsendt relevante saksdokumenter, og vi har bedt dei om å kome med forslag til problemområde ein ønsker å få belyst under ROS-analysen i forkant, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom.
Innanfor Klinikk for drift og eigedom er også kiosk- og kafedriften ved Ålesund sjukehus nemd som eit aktuelt tiltak ein skal sjå nærare på.
- Når det gjeld outsourcing av kafe og kioskdrift på Ålesund så er det nedsatt ei arbeidsgruppe som ser på dette tiltaket no. Det vil bli føretatt ei ROS-analyse på dette på et seinare tidspunkt, seier Aagaard-Nilsen.
Status om ROS-analysen per no er:
- Tid og stad: Sagbakken i Molde onsdag 6. mars frå klokka 10:30 - 13:30. Det kan bli endringar på stad av omsyn til kapasitetsutfordringar i lokalet. Deltakarane vil få nærare beskjed om dette.
- Arrangør og ansvarleg for praktisk gjennomføring: Fagavdelinga i HMR
- Hensikta med ROS-analysen: å få fram kva for risikoar ein outsourcing av reinhaldstenesta i Molde og Kristiansund vil gi
- Deltakarar: aktuelle tilsette i Seksjon for reinhald, leiarar frå samarbeidande seksjonar, tillitsvalde, verneombod og brukarutvalet i HMR
- Innspel i forkant av ROS-analysen: kan sendast direkte til analysegruppa v/ Unni Skare. Det er også mogleg for alle tilsette å formidle innspel via leiarlinja eller tillitsvald-/verneombodslinja. Frist for innspel er 22.02.19.
- Saksgrunnlaget til ROS-analysen: vil vere dei aktuelle styrevedtaka i HMR, utviklingsplanen i Helse Møre og Romsdal, samt innspel frå tilsette og organisasjonar knytt til dette. Deltakerane vil få dette materialet nærare presisert og tilsendt.
- Teneste og risiko som skal tas med i ROS-analysen: må vere tematisert og behandla innan ROS-analysen blir lukka ved møteslutt 6. mars. Innspel som løftast fram etter dette vil ikkje bli ein del av ROS-analysen.
- Ferdigstilling av ROS-analysen: er planlagt til 11.03. Det er planlagd at saka skal opp i styremøtet 27. mars
Deltakarar som er invitert til ROS-analysen:
Leiing lokalt: Seksjonsleiarar Molde, DPS Knausen, Hjelset, Kristiansund, Ålesund
Leiing klinikk: Klinikksjef Klinikk for drift og eigedom
Medverknad lokalt: Plasstillitsvalde og plassverneombod Molde og Kristiansund, driftskoordinatorar reinhald Molde, Hjelset, Kristiansund, fagansvarleg for reinhald
Medverknad føretaksnivå: Lokale tillitsvalde , vernetenesta og lokale verneombod, HR-avdeling, BHT, smittevernrådgivarar, sjukehuskoordinatorar
Brukarutvalet
ROS-analysegruppa: 5 medlemmar (2 frå fagavdelinga HMR, 1 frå HR og 2 frå Klinikk for drift og eigedom)
Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Held fram arbeidet med å utvikle SNR
Vil sikre ein god prosess før styreska om fødesamanslåing
ROS-rapporten for samanslåinga av fødeavdelingane er klar
Må sikre ei god utvikling av rehabiliteringstenesta
ROS-analysen av rehabiliteringstilbodet i Helse Møre og Romsdal er klar
ROS-analysen av døgnposten på DPS Sjøholt er klar