Helse Møre og Romsdal jobbar med å finne løysingar for korleis det framtidige spesialiserte rehabiliteringingstilbodet skal vere. Den 7. februar var over 50 deltakarar med på å risiko- og sårbarheitsvurdere forslaget om å samle all spesialisert rehabilitering til Ålesund sjukehus. Under ROS-analysen deltok tilsette, brukarar, tillitsvalde, verneombod og representantar frå kommunane.
Les også: Må sikre ei god utvikling av rehabiliteringstenesta
- ROS-rapporten gir gode innspel og alternativ til korleis vi skal sikre pasientane eit best mogleg behandlingstilbod. Rapporten synleggjer at vi per dags dato ikkje kan samle all spesialisert rehabilitering i Ålesund, utan ein grundig vurdering av kompenserande tiltak, seier klinikksjef Jorun Bøyum i Klinikk for medisin og rehabilitering.
Ti område krev tiltak
Under ROS-analysen blei det sett nærare på 16 risikoområde, der ti av dei er vurdert til å kreve tiltak. Desse områda er:
- Levere spesialisert døgnrehabilitering
- Levere spesialisert ambulant rehabilitering
- Levere spesialisert poliklinisk rehabilitering
- Rekruttere fagkompetanse
- Ivareta eit tverrfagleg miljø
- Bemanne ein større sjukehusavdeling
- Ivareta overtallig personell
- Tilgjengeleg areal og kapasitet ved Ålesund sjukehus
- Kommunane sin evne til å ivareta pasientar som ikkje blir gitt rett til behandling i spesialisthelsetenesta
- Omdømme
Eit anna risikoområde som blei diskutert, er om ein vil oppå forventa økonomisk effekt av foreslåtte tiltak. Gruppa uttrykte her at det var utfordrande å vurdere dette risikoområdet, og området blei derfor ikkje vurdert.
Ekspertgruppa har foreslått følgjande risikoreduserande tiltak:
- Erfaring frå ambulant arbeid gjennom allereie eksisterande ambulante team
- Etablere poliklinikktilbod innan rehabilitering ved fleire av dei andre sjukehusa
- Kortare liggetid i den døgnbaserte delen av rehabiliteringsforløpet
- Oppretting av ambulante team, som utgår både frå rehabiliteringseininga, men også fra slageininga og nevrologieininga
- Desentraliserte ambulante team
- Spreiing av spesialisert rehabilietering til meir enn eitt sjukehus
- Ombygging av eksisterande areal
- Omlegging av dagens behandlingsportefølje, med meir effektive pasientforløp
- Opprette felles inntaksnemnd på tvers av helsetenestenivåa i samhandlingsområdet
- Kortvarige døgnplassar for dei med lengst reiseveg
- Oppbygging av interkommunale rehabiliteringstilbod
- Tiltak skissert i rapport frå arbeidsgruppa for fagleg tilråding innan rehabiliteringsfeltet i Helse Møre og Romsdal
- Forsking (langsiktig)
- Åpenhet og informasjon
- Framsnakking
Les heile ROS-rapporten her (PDF).
- Vil bli ei endring
Ei styringsgruppe med representantar frå alle seksjonar innan rehabilitering, tillitsvalde, verneombod og brukarar skal kome med ei tilråding til klinikken og leiargruppa i Helse Møre og Romsdal i forkant av styremøtet i mars. Styringsgruppa vil sjå på resultatet frå ROS-analysa saman med det øvrige beslutningsgrunnlaget.
- I klinikken vil vi no vurdere dei foreslåtte kompenserande tiltaka ut frå pasientdata henta inn frå dei ulike institusjonane og i sjukehusa. Vi må også få til ein god dialog med kommunane, slik at vi sikrar best mogleg medverknad frå både primær- og spesialisthelsetenesta, seier Bøyum.
Ho understreker at målet er å gi eit best mogleg spesialisert rehabiliteringstilbod til pasientane.
- Det kjem til å bli ei endring på korleis pasientane vil få spesialisert rehabilitering, mellom anna fordi vi opplev ei stor utvikling innanfor fagområdet. Forsking og den medisinske utviklinga gjer at vi i framtida bør gi ei behandling som er betre tilpassa kvar enkelt pasient sitt behov. Da må vi som fagmiljø tenke nytt, i tett samarbeid med andre fagområde, brukarar og kommunar, seier Bøyum.
Dette skjer framover:
- ROS-rapporten skal diskuterast i leiargruppa i helseføretaket, samarbeidsrådet for klinikken, i Arbeidsmiljøutvalet og Brukarutvalet
- Styringsgruppa skal vurdere og gå gjennom grunnlagsmaterialet og ROS-rapporten, og kome med ei tilråding til klinikksjef i Klinikk for medisin og rehabilitering
- Det vil bli gitt ein foreløpig status om arbeidet i styremøtet 20. februar, saman med dei andre tiltaksområda
- Sikre kommunal medverknad i arbeidsprosessen
- Saka blir lagt fram i styremøtet 27. mars
Bakgrunn
I Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan er rehabiliteringsfeltet eitt av områda som skal gjennomgåast. Etter styremøtet 4. desember har prosessen blitt framskynda, og ei faggruppe fekk i oppdrag å skissere ei framtidig løysing for den spesialiserte rehabiliteringa i fylket. Denne rapporten inngår som ein del av beslutningsgrunnlaget.
Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Stiller krav til nedbemanning
ROS-analyser i HMR
ROS-analyser inngår som eit av elementa i systematisk risikostyring av Helse Møre og Romsdal som verksemd, og er i tråd med vedtak i Helse Midt-Norge om at det ved større endringsarbeid skal gjennomførast ROS-analyse som en del av saksutgreiinga. Gjennomføringa av analysen er i tråd med føretaket sin prosedyre for ros-analyser og Norsk standard 5814:2008, Krav til risikovurderingar.
Formålet med ROS-analysen har vore å vurdere risikoar og sårbarheiter i samband med forslaget om å samle rehabiliteringstilbodet i sjukehus. I forbindelse med sjølve ROS-arbeidet avgrensa klinikksjef i Klinikk for medisin og rehabilitering dette til å samle tilbodet i eitt sjukehus. Dette betyr i praksis å ROS-vurdere avvikling av to rehabiliteringsinstitusjoner og samle tilbodet ved Ålesund sjukehus, da det er der det i dag er eit rehabiliteringstilbod knytt til fysikalskmedisinsk sengepost og poliklinikk.
Deretter er det gjort ei vurdering knytt til usikkerheit ved å definere eit risikonivå. Som ein del av ros-analysen blei det også vurdert kva risikoreduserande tiltak som bør settast i verk for å handtere ulike risikoar.