
Brukerrepresentantane (f.v) Hilde Marie Kleiven og Inger Nossen Sandvik vil ha konkret handling for å etablere eit godt rehabiliteringstilbod i fylket.
Det
døgnbaserte rehabilterinstilbudet i Møre og Romsdal er i dag utført av både spesialisthelsetenesta
og kommunane. Overgangen frå fastlege til sjukehus, mellom sjukehus og
heimeteneste eller korttids-/rehabiliteringopphold, har ofte vore ei utfordring
for pasientane. Enkelttenestene heng ikkje alltid saman som ein heilhet for brukarane.
I eit bredt samarbeidsprosjekt mellom regionråda i fylket og Helse Møre og
Romsdal HF skal ein no utrede moglegheita for eit rehabilteringstilbod på tvers
av tjenestenivåa.
- Drømmen er å få til samhandling der vi sett pasienten i sentrum, og bygger
tenestene rundt brukarane, seier Inger Nossen Sandvik i brukerutvalet til Helse
Møre og Romsdal. I samarbeidsprosjektet skal deltakarane utgreie korleis ein
kan tilby tenester som gir rehabiltering uten grenser.
Heilskapeleg rehabiliteringstilbud
I prosjektet skal gruppa sjå på korleis rehabilteringstenestene kan organisere
seg tett opp mot kvarandre og skape nye
arbeidsformer. Til dømes vil ei vriding av tenestene kreve at spesialisthelsetenesta
og kommunane må samarbeide i større grad enn i dag, og ein må ta i bruk nye
arbeidsformer og nye behandlingsformer.
- Målsettinga er å etablere eit sikkert og godt tilbud over tid, ved å bruke
ressursane vi har på ein ny måte. Eit godt samarbeid på tvers av
spesialisthelsetensta og kommunetenestene vil bidra til at vi beheld og
utviklar kompetansemiljøet i fylket. Det betyr at fleire kan få eit
heilskapeleg og godt rehabiliteringstilbud, seier Hilde Marie Kleiven.
Vil ha konkret handling
Prosjektgruppa skal fram mot våren 2020 kartlegge det samla døgntilbodet innan
døgnbasert rehabilitering i fylket, og sjå på behovet for interkommunale
tenester, lokalisering av spesialisert rehabilitering som ikkje treng å ligge
til sjukehusa og vurdere ulike former for samarbeid. Eit døme er etablering av
felles tverrfagleg vurderingsteam.
- Vi vil ha konkret handling, og det har vi store forventninger til at
denne gruppa får til, seier Sandvik og Kleiven, som legg til at Møre og Romsdal
no er langt framme på landsbasis for samhandling på tvers av tenestenivå.
Gruppa skal også tilrå framtidig
felles samarbeids- og driftsmodell for Aure og Mork rehabiliteringssenter der
både helseføretaket og aktuelle kommunar deltek. Dette er eit arbeid som er
nyleg starta.
Det spesialiserte rehabiliteringstilbodet foregår i dag ved
avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering som er lokalisert ved Ålesund
Sjukehus, Mork rehabiliteringssenter i Volda og Aure rehabiliteringssenter på
Aure på Nordmøre. I tillegg har Helse Midt-Norge avtale med private aktører i
regionen om å gi et speislaisert tilbod. Etter planen skal gruppa legge
fram resultatet av arbeidet 1, juni 2020.
Deltakarane i samarbeidsprosjektet
Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe. Styringsgruppa
er leda av rådmann i Volda kommune Rune Sjurgaard (repr. Sunnmøre regionråd),
brukerrepresentantane Hilde Marie Kleiven og Inger Nossen Sandvik (repr.
Brukerutvalget Helse Møre og Romsdal), ass. Rådmann nye Molde kommune Britt
Rakvåg Roald (repr. Romsdal regionråd), Enhetsleder helse og familie Aure
kommune Geir Nielsen (repr. Orkide – Nordmøre regionråd), Virksomhetsleder og
aktivisering og velferd nye Ålesund kommune Camilla Almås (repr. Sunnmøre
regionråd), Tillitsvalgt for Norsk Fysioterapeut Forbund, Kristiansund kommune
Trude Nordskag (repr. Kommunene), Seniorrådgiver Tore Jo Nilsen (repr. Helse
Midt Norge) og samhandlingssjef Lena Bjørge Waage, spesialrådgiver Helge
Ristesund, klinikksjef klinikk for medisin og rehabilitering Jorun Bøyum, foretakstillitsvalgt
Norsk Ergoterapeut Forbund Birgitte Ulstein Kvangarsnes – dei sistnevnte er representanter
fra Helse Møre og Romsdal.
Arbeidsgruppa består av fire representantar fra kommunane utpekt av regionråda,
samt tre representantar fra helseføretaket som alle har
rehabiliteringskompetanse. Dette er Bente Åsbø (repr. Orkide – Nordmøre
regionråd og Kristiansund kommune), Gunn Faksvåg (repr. Romsdal regionråd og Molde kommune), Lisbeth Løvoll (repr. Sunnmøre regionråd
og Ålesund kommune), Roger Kvalsvik (repr. Sunnmøre regionråd og Herøy kommune),
seksjonsleiar ved Aure rehabiliteringssenter Aud Bente Skar, seksjonsleiar ved
Mork rehabiliteringssenter Anita Nybø og spesialist i fysikalsk medisin og
rehabilitering overlege Ingvild Kjeldberg. Arbeidsgruppa blir leia av
prosjektleiar Synnøve Melseth, kvalitetsrådgjevar ved fagavdelinga i Helse Møre
og Romsdal HF.