
Klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom
- Vi forstår uroa, men er likevel trygge på at ei samanslåing vil gje betre kvalitet og pasienttryggleik, og at det vil gjere det lettare å rekruttere til fagmiljøa i framtida, seier klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.
Erdal peiker på at ei samling av fagmiljøa vil
skape eit større og meir robust fagmiljø i Nordmøre og Romsdal.
- Fødeavdelingane i Kristiansund og Molde har i mange år hatt ei drift prega
av utfordringar med rekruttering og stabilitet i lege- og jordmorgruppa. Det gir
slitasje på nøkkelpersonell, og kan utgjere ein risiko for pasienttryggleiken og
kvaliteten på tenestene, i tillegg til å vere uheldig for arbeidsmiljøet, fortel
Erdal.
Føretaket har gjennomført mange ulike tiltak for å rekruttere til fagmiljøa
utan å lykkast, noko som har vore ei stor belastning for dei tilsette med
utstrakt vikarbruk og variasjon i kvalitet.
For stor variasjon i kvalitet
Det har til tider vore
vanskeleg å innfri kvalitetskrava i Eit trygt fødetilbod. Dei offentlege opne
kvalitetstala viser ein uønskt variasjon, noko som også kjem fram i dei interne
ROS-analysane som blei gjennomført i klinikken i 2018 og som tok for seg
driftssituasjonen ved fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Av omsyn til
kvalitet, pasienttryggleik, rekruttering og utfordingar i drifta, vil klinikken
samle fødeavdelingane til eitt fagmiljø i god tid før innflytting i Sjukehuset
Nordmøre og Romsdal. Fagmiljøa ved dei to sjukehusa har i hovudsak lenge støtta
ei samanslåing, men dei har ulike syn på kor ei slik samlokalisering bør vere og
kva tid den bør gjerast i forhold til innflyttingstidspunktet i SNR.
ROS-analyse 4.februar
Ei samanslåing av fødeavdelingane er vedteke i utviklingsplanen for HMR. I
styremøtet i januar i år la HMR fram ei sak med forslag om framskynde
samanslåinga til 2019. Styret bad føretaket om å fortsetje planlegginga og som
ledd i det vidare arbeidet har føretaket invitert til ei ROS-analyse på
Batnfjordsøra 4.februar.
Hensikta med analysen er å få fram kva risikoar
samanslåinga kan gje og kome med innspel til kompenserande tiltak. Eit av
risikoområde som vil bli tatt opp er lang reiseveg og beredskap/følgjeteneste
for gravide og fødande. Erdal fortel at HMR over tid har forsøkt å få til ein
fullverdig beredskap og følgjeteneste, men ein har ikkje lykkast med det og ein
er avhengig av eit godt samarbeid med kommunane for å løyse denne oppgåva. Ein
føresetnad for å samle fødetilbodet ved eitt av sjukehusa er å sikre gravide og
fødande ei trygg oppfølging og eit trygt og godt transporttilbod til sjukehuset.
God deltaking
Føretaket har invitert
breitt for å sikre god deltaking i analysen. Frå føretaket stiller leiarar frå
Klinikk for kvinner, barn og ungdom og alle samarbeidande fagområde, mellom anna
barnelege og anestesilege. Tillitsvalde, verneombod og brukarutvalet stiller.
Representantar frå ORKidé-Nordmøre Regionråd og Romsdal Regionråd kjem og i
tillegg vil det vere observatørar tilstade frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal,
klinikkrådet for klinikk for kvinner barn og ungdom, HR-avdelinga og
økonomiavdelinga.
- Det er ikkje slik at ROS-analysen aleine skal konkludere når det gjeld kva klinikken innstiller i denne saka. Klinikkrådet har beslutta at avdelingsrådet i AFK blir arbeidsgruppe i arbeidet. Vi planlegg fleire møte med fagmiljøa og tillitsvalde etter analysen, seier Erdal.
Deltakarar som er invitert til analysen 4.februar:
- Lokal leiing: seksjonsleiarar, ass. seksjonsleiarar og teamkoordinatorar ved AFK Kristiansund og AFK Molde
- Klinikkleiing: avdelingssjef AFK og klinikksjef
- Medverknad lokalt: plasstillitsvalde frå alle organisasjonar ved AFK Kristiansund og AFK Molde
- Medverknad føretaksnivå: føretakstillitsvalde frå alle organisasjonar
Vernetenesta: lokale verneombod i AFK Kristiansund og AFK Molde, samt hovudverneombod for Kristiansund og Molde - Samarbeidande fagområde: 10 avdelingssjefar, barnelegar, anestesilegar
- Brukarutvalet: 2 representantar
- Kommunesamanslutningane: 2 representantar frå ROR og 2 frå Orkidé
- Praksiskonsulentar: 2 representantar som dekker Kristiansund og Molde sjukehus sine opptaksområde
- Adm.dir/fagdirektør: 2 representantar
- Observatør: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, klinikkråd KKBU, HR-avdelinga, Økonomiavdelinga
- ROS-analysegruppa: 5 medlemmar (4 frå Fagavdelinga i HMR og 1 frå St. Olavs hospital)
Styresak i mars
ROS-analysen er planlagt offentleggjort 8. februar, etter møte med avdelingsråd i Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar (AFK) og samarbeidsråd i klinikken.I etterkant av ROS-analysen vil
arbeidet halde fram internt i HMR mot framlegging av styresaka i mars.
Av:
Guri Viken