Søkarlista til stillinga som administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal er no offentleggjort.
Søknadsfristen gikk ut den 30. september og det var totalt 12 søkarar til stillinga.
Tilsettingsutvalet i Helse Møre og Romsdal har no hatt eit første møte for å gå gjennom søkarlista.
- Eg opplev at det er fleire gode søkarar til stillinga. I løpet av oktober vil vi gjennomføre intervju med aktuelle kandidatar, og ambisjonen er å gjere ei tilsetting i slutten av måneden, seier styreleiar Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal.
Fleire av søkjarane har bede om unnatak frå å stå på offentleg søkarliste i hht Offentleglova §25. For to av desse er vurderinga at vilkåra for unntak er til stades.
Her er søkarlista:
Søkarliste:Thorbjørn Gaarder (64) M | Chief credit officer | Oslo |
Ivar Edmund Vatten (55) M | Arbeidssøkande | Halsanaustan |
U.off §25 M | ******* | ******* |
Edin Grønvik (25) M | Fagarbeidar | Kristiansund |
Søknad trukket M | ******* | ******* |
U.off §25 M | ******* | ******* |
Jon-Ola Wattø (35) M | Logistikkansvarleg | Ålesund |
Kristian M Corneliussen (30) M | Revisor | Trondheim |
Søknad trukket M | ******* | ******* |
Søknad trukket M | ******* | ******* |
Ole Hope (56) M | Administrerande direktør | Bergen |
Ståle Hoff (52) M | Avdelingssjef | Ålesund |