Dagens teknologi gjer det mogeleg å tilby helsetenester knytta til førebygging og oppfølging heime hos kvar enkelt pasient utan at legen er fysisk tilstades. Helse Møre og Romsdal har satt i gang eit prosjekt for å tilby videomøte/konsultasjonar til pasientar som bur langt frå sitt sjukehus.

Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal
- Vi er no i ferd med å lære opp tilsette i poliklinikkane for å gje pasientane avstandsoppfølging via video, og det er allereie gjennomført fleire slike møter mellom behandlarar og pasientar, opplyser innovasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal.
Sparar tid og pengar Jensen presenterte prosjektet under Omsorgskonferansen i Ålesund som ble arrangert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal den 10. og 11. september. Jensen fortalte at videkonsultasjonar sparar pasientane for lange pasientreiser og gir helseføretaket reduserte kostnadar til reise, som igjen kan brukast til å utvikle betre helsetenester.
Fekk innovasjonsmidlar I hard konkurranse med andre innovasjonsprosjekt i Norge er Helse Møre og Romsdal sammen med Helse Midt-Norge, Helse Nord-Trøndelag og St. Olav Hospital tildelt midlar frå StimuLab for å vidareutvikle denne tenesta.
Stimulab har som mål å bidra til offentleg innovasjon frå perspektivet til brukarane, og støtte statlege og kommunale verksemder som våger å tenke nytt for å levere bedre tenester.
Pengane som er tildelt helseføretaka i Midt-Norge skal brukast til å sjå på korleis medisinsk avstandsoppfølging kan endre måten ein følger opp pasientane.
- Avstandsoppfølging i form av videokonsultasjonar forenklar kvardagen til pasientane og helsepersonell. Midlane som prosjektet no har fått vil være med på å styrke denne satsinga, også her i Møre og Romsdal, seier Christer Jensen.
Bakgrunn i demografiske utfordringar Forskar ved St. Olavs hospital, Jarl Reitan, seier årsaka til satsninga på avstandsoppfølging er dei demografiske utfordringane regionen no står overfor.
– Det skaper eit behov for fleire senger og konsultasjonar i framtida. Hensikta med prosjektet er difor å utvikle helsehjelp på nye måtar for å hindre ei slik utvikling, seier Reitan.
Han ønskjer at prosjektet skal gi bedre mogelegheiter for mennesker til sjølv å mestre eigne liv og eigen helse, samt gi betre ressursbruk i tenestene.
– Medisinsk avstandsbehandling, gjennom ulike teknologiske verkemiddel, gir meir fleksibel og tilpassa helseteneste, avslutter Reitan.
Les meir om videokonsultasjonar i HMR her