- Eg syns det var eit konstruktivt og bra møte i går og vil takke alle som deltok. Vi har allereie sendt ut eit første utkast til rapport og har bedt deltakarane om å kome med sine innspel og tilbakemeldingar, seier klinikksjef for kvinner, barn og ungdom, Henrik Erdal.
Innhald i analysen
Hensikta med ROS-analysen er mellom anna å få fram kva risikoar ei samanslåinga kan gje, vurdere konsekvensane av desse og kome med forslag til kompenserande tiltak. Erdal påpeiker at det er fleire delar av drifta som ikkje var del av ROS-analysen og at det vil bli følgt opp i det vidare arbeidet.
- Vi skal sikre ein forsvarleg og god prosess trass korte tidsfristar. Analyserapporten er eit viktig bidrag, men samtidig berre er ein del av det vidare arbeidet med å utvikle eit godt handsamingsgrunnlag for styret i HMR, seier Erdal.
Sjå presentasjonen frå møtet
Les tilbakemeldingar frå deltakarar i ROS-analysen
Om risikovurdering i HMR
Vidare arbeid
Etter at analyserapporten er ferdig mot slutten av veke 6, vil arbeidet halde fram internt i HMR mot framlegging av ei sak til styremøtet 27.mars. Erdal fortel at det framleis står att mykje arbeid, mellom anna vurderingar knytt til bemanningsplanar, handtering av beredskap og følgjeteneste, gynekologisk aktivitet, overgrepsmottak og økonomiske vurderingar.
Tiltak i veke 6:
- Ferdigstille ROS-rapporten
- Klinikk for kvinner, barn og ungdom skal utarbeide mandat og sette ned ei arbeidsgruppe for det vidare arbeidet
- Avklare korleis den kommunal medverkinga skal sikrast
Tiltak i veke 7-12:
- Dele og diskutere ROS-rapporten med avdelingsrådet i avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar (AFK), samarbeidsråd for AFK/KKBU (klinikk for kvinner, barn og ungdom), møte med tillitsvalde og verneombod, regionalt fagleiarnettverk, arbeidsmiljøutvalet, brukarutvalet og leiargruppa i HMR
- Gje ei orientering om status for arbeidet i styremøtet 20. februar
- Gjennomføre ei overordna ROS-analyse for den samla risikoen i HMR i samband med tiltakspakka/operasjonaliseringa av utviklingsplanen.
- Leggje fram ei innstilling frå Klinikk for kvinner, barn og ungdom til adm. dir.Espen Remme før 20. mars
- Leggje fram vedtakssak om samanslåing (driftsmodell, stad og dato) i styremøtet 27. mars
Bakgrunn for fødesamanslåinga
Ei samanslåing av fødeavdelingane er vedteke i utviklingsplanen for HMR. I styremøtet i januar i år la HMR fram ei sak med forslag om framskynde samanslåinga til 2019. Styret bad føretaket om å fortsetje planlegginga og komme tilbake til styret med ei sak så snart som mogeleg.
Les meir om bakgrunnen her