Ellevill opning på Pusterommet

Alle fekk svetta frå seg då det nye treningstilbodet til kreftpasientane i Møre og Romsdal opna fredag.

Med tidlegare skidronning Bente Skari i spissen ble det heitt på Pusterommet.
Tidlegare skidronning Bente Skari ga full gass under opninga av Pusterommet

Flunka nye spinningssyklar står klare til bruk på rekkje og rad i eit nymalt treningsrom i kjellaren på pasienthotellet på Ålesund sjukehus. Om nokre få straksar skal rommet fyllast opp med folk som slepp hemningane laus og sveittar i alt anna en treningsklede.

- Det betyr veldig mykje å få ein stad kor ein kan trene og treffe andre pasientar, seier kreftpasient Kristbjørg Pettersen som gler seg aller mest til kurset i medisinsk yoga.

- Fysisk aktivitet god medisin

Flankert av tidlegare skidronning Bente Skari , Per Arne Bjørge frå Gjensidigestiftinga og Tone Trøen frå Helse- og omsorgskomiteen innvia ho det nye Pusterommet ved Ålesund sjukehus fredag.

På veggane heng bilete som vitjar om at det går an å trene sjølv om ein har kreft.  Pusterommet er nemleg  eit treningstilbod til alle som er under kreftbehandling eller som nyleg har avslutta behandlinga si.

- Fysisk aktivitet kan i dei aller fleste tilfella vere god medisin og her på Pusterommet får du fysisk aktivitet i trygge omgjevnadar og med kyndig rettleiing. Så her er det trygt å vere i fysisk aktivitet og vår erfaring er at det betrar livskvaliteten til pasientane, seier dagleg leiar Helle Aanesen i Aktiv mot kreft.

Treningsrettleiing og yoga

Aktiv mot kreft er med på å finansiere drifta dei første tre åra, og til saman har stiftinga samarbeid med sjukehusa no opna elleve Pusterom i Noreg.

Treningsrommet vil vere bemanna på dagtid av blant anna fysioterapeut Marthe Li som skal ha ansvar for rettleiing og opplæring. Denne dagen er det nettopp Lie som fyrar opp stemninga og får med seg alle, leiarar så vel som pasientar, på ein spinnvill dans.

Spesialjukepleiar Ingunn Erstad kjem også til å jobbe på Pusterommet. Ho skal ha timar i medisinsk yoga.

Og skal ein tru avdelingsleiar Jorunn Bøyum på Kreftavdelinga, er tilbodet etterlengta. 

- Allereie i sommar var det nokre pasientar som skrapa på døra til treningsrommet og ville inn og trene. Så vi har tru på at dette blir ein stor suksess, seier Bøyum.

Frå og med no vert alle brystkreft- og prostatakreftramma henvist til fysisk aktivitet på Pusterommet.

Har du spørsmål om tilbodet, ta kontakt med avdelinga.

Publisert: 07.09.2015