Kva gjer vi for mykje av og kva skal vi prioritere?

Og kva helsevesen får vi dersom vi ikkje gjer nokre endringar, spurde fastlege og praksiskonsulent Stian Endresen dei 140 deltakarar frå kommunar, brukarar og helseføretak i onsdagens dialogmøte. Han var ein av tolv  foredragshalderar som ga ei løypemelding på arbeidet med utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal.

Adm.dir. Espen Remme saman med fastlege Stian Endresen.
Adm.dir. Espen Remme saman med fastlege Stian Endresen.

Program for dialogmøte

Framtida er avhengig av dei vala vi gjer i dag

Utviklingsplanen skal seie noko om korleis helseføretaket vil utvikle seg  for å vere klar for dei framtidige behova for helsetenester.

– Korleis klarer vi det når folketalet aukar, vi får fleire eldre og samfunnet får høgare forventningar til oss? Kva gjer vi for mykje av, og kva skal vi prioritere, utfordra Endresen. I sitt innlegg delte han pasientane inn i fire grupper:

  1. Dei som er friske og føler seg friske
  2. Dei som er friske men føler seg sjuke
  3. Dei som er sjuke og føler seg sjuke
  4. Dei som er sjuke men føler seg friske

Ifølge Stian Endresen er den viktigaste utfordringa å flytte flest mogleg av dei sjuke pasientane til gruppa som meistrer eigen sjukdom. Når ein er sjuk, men føler seg frisk får ein betre livskvalitet og bruker mindre av helsetenestene. Endresen løfta også fram korleis ein skal handtere dei som føler seg sjuk men som er friske, og fastlegen si rolle som er å vere både ein vegleiar og ei portvakt.

– Talet på tilvisingar til spesialisthelsetenesta stig meir enn befolkningsauken, og det er eit press på å diagnostisere presist, fortalde Endresen. –Vi må også finne ut korleis vi kan gi helsepersonellet og leiarar i første og andrelinja støtte på eigne avgjerder slik at dei maktar å gjere dei nødvendige prioritaringane og vegvala.

Endresen var einig med adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal, som i si innleiing sa at det handlar om å få ei spissare spesialisthelseteneste, slik at vi bruker ressursane våre betre.

Dei viktigaste trendane

Liv Haugen, sjukehusplanleggar frå Sykehusbygg HF ga opptakta til Endresen sitt innlegg. Ho gjekk inn på korleis befolkningsutviklinga og forbruket av helsetenester vil bli framover i Møre og Romsdal.
– Dei viktigaste trendane som også gjeld for Helse Møre og Romsdal, er at liggedøgna går ned, og det vil halde fram. I dag ligg helseføretaket omtrent på det nasjonale nivået som er ca fire døgn, sa Haugen. 
Utrekningane som ho la fram viste ein vekst i poliklinikk på om lag 3,2 % årleg, noko som er mykje større enn veksten i befolkninga. Den same utviklinga er innan psykiatrien, der veksten i poliklinisk behandling er stor. Det vil også bli ein sterk auke i dialyse og infusjonsbehandling. Minst auke vil ein sjå  i senger, og det vil vere ein moderat vekst i operativ verksemd. Haugen presiserer at framskrivingstala i presentasjonen hennar er foreløpige, og skal gjennom ein siste kvalitetssjekk før dei blir presentert i endeleg rapport til Helse Midt-Noreg siste halvdel av august.
- Korleis skal helseføretaka handtere veksten både når det gjeld bygg, men også med tanke på mannskap, spurde sjukehusplanleggaren forsamlinga.

(Artikkelen fortsett under bildet)

 

Frå dialogmøte i Ålesund med 140 deltakarar.
Frå dialogmøte i Ålesund med 140 deltakarar.
 

Ho ser at sjølv om sjukehusa blir betre på å organisere seg internt og flyten blir stadig betre, så må det eit skifte til for å handtere dette. – Kan sjukehusa få ei tilsvarande reise som banken? Kan vi flytte på kompetanse og utstyr og gjere inngangspartiet digitalt? Ho viste til døme i Finland og i Sverige der ein auka andel av monitorering skjer heime, slik at trykket på helsetenestene går ned.  
– Vi ønskjer ikkje å vere heiltidspasientar, men heiltidsmennesker, sa Haugen avslutningsvis.

Sjå heile presentasjonen her.

Status for arbeidet i pediatrigruppa

Gruppa blei oppnemnd tidlegare i vår og skal beskrive dagens situasjon innan barne- og ungdomsmedisinen i helseføretaket, evaluere driftsmodellen i Kristiansund og gi råd om korleis ein i framtida kan løyse det pediatriske tilbodet i helseføretaket generelt og i SNR spesielt.

To representantar frå gruppa, barnelege Vebjørn Vik og hovudtillitsvald Marianne Nydal, la fram status for arbeidet pr. juni, og inviterte forsamlinga til å gi innspel. Dei understreka samstundes at dei ikkje kunne trekke nokre slutningar eller å gi nokre svar i den fasen dei er i no. Arbeidsgruppa har hatt møter i Ålesund og Kristiansund, og har lagt opp til brei involvering for å for å sikre god medverknad og få så god oversikt som mogleg.

– Diskusjonane i gruppa er gode og det er einigheit om at barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund skal være hovudavdeling i helseføretaket. Gruppa er også einige i at det skal vere et godt barnemedisinsk aktivitetstilbod i SNR, noko som også er i tråd med delfaserapporten, sa Vebjørn Vik.

(Artikkelen fortsett under bildet)

 

Barnelege Vebjørn Vik og hovudtillitsvald Marianne Nydal.
Barnelege Vebjørn Vik og hovudtillitsvald Marianne Nydal.

 

Han fortalde også at gruppa ønskjer å utnytte og styrke fagmiljøa og samarbeidet som allereie er mellom Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda.

I slutten av oktober skal gruppa levere frå seg si anbefaling til styret i Helse Møre og Romsdal.

Sjå presentasjonen her.

Brukarane vil påverke

Leiar i brukarutvalet, Ingrid Løseth, fortalde at ein tilbake i 2012 flagga saumlause overgangar mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.
- Vi har høyrt mykje frå dialogen i dag om samarbeid og mykje god vilje er uttrykt, men eg meiner vi framleis har mykje å hente, sa Løseth.

(Artikkelen fortsett under bildet)

Representantar frå brukarutvalet i HMR saman med adm.dir. Espen Remme.
Representantar frå brukarutvalet i HMR saman med adm.dir. Espen Remme.

Tilbakemeldinga frå brukarrepresentantane var at dei ønskjer å bli møtt med respekt, og vil ikkje vere kasteballar, men vere med på påverke behandling og oppfølging.

– La oss ved neste korsveg få vår halvtime der vi kan leggje fram tankar og innspel til dykk. Vi har avgrensa moglegheit til å medverke overfor kommunane og dialogmøtet er ein derfor ein viktig arena for oss, sa Jacob Strand.

– Når så mange prioriterer å kome hit i dag, så vitnar det om ei sterk vilje for å arbeide saman for pasientane og ei felles helseteneste, sa Espen Remme.

Han meiner vi i større grad må forstå pasienten ut frå konteksten som han eller ho lever i. 

– Pasienten bur ikkje i sjukehus, men ute i kommunane. Vi i spesialisthelsetenesta må vere spissa på det vi skal gjere, men mesteparten av behandlinga føregår ute i kommunane, sa Remme.
Han kom også inn på samanhengen mellom SNR og utviklingsplanen.

– Utviklingsplan skal seie noko om korleis helseføretaket skal utvikle seg, medan SNR skal løyse tenestetilbodet for ein del av det geografiske området, understreka Remme.

Les meir om arbeidet med utviklingsplanen her.

Dei andre innlegga frå dialogmøtet finn du her: