Planlegg framtida no

Utviklingsplanarbeidet i Helse Møre og Romsdal er for alvor i gang! Fredag før påske møtte om lag 70 deltakarar frå kommunar, brukarar og tillitsvalde på det første av i alt tre planlagde dialogmøter mellom partane i 2017.

Gruppediskusjon
Diskusjon i gruppe 5 - frå v: Randi Myhre utv.sjef Molde kommune, Odd Jostein Drotninghaug - ordfører Sykkylven, Arne Gotteberg - komm.overlege Volda og Ørsta, Karl J. Skårbrevik - Landsl for Hjerneslagramma, Manuela Strauss - avd.sjef PH barn/unge

​Målet var å komme fram til dei viktigaste utviklingsområda innan samhandling som bør prioriterast for planperioden som går frå 2019 - 2022.

- Vi må ha gode vekslingsfelt i arbeidet med kommunane for å skape pasienten si helseteneste. Pasientane er ikkje opptekne av kven som leverer tenestene, men av å få gode tilbod når det trengs, sa Espen Remme i si innleiing.

 

Adm. dir. Espen Remme innleia til dialogmøte om utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal
Adm. dir. Espen Remme innleia til dialogmøte om utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal

Remme ser også at kommunane i sine diskusjonar først og fremst er opptekne av sjukehuset dei soknar til, medan planlegginga frå helseføretaket si side handlar om utviklinga av spesialisthelsetenestene for alle dei 265 000 innbyggjarane i Møre og Romsdal.

 

Sjå presentasjonen til Espen Remme her.

Pasientflyt viktigare enn struktur og funksjonsdeling

Anders Riise er styreleiar i KS Møre og Romsdal og meiner dialogmøta er viktige for å koble seg på debatten.

– KS skal snakke for 36 kommunar, og saman med helseføretaket må vi utvikle god samhandling i pasientflyten. Det er viktigare enn struktur og funksjonsdeling, seier Riise. Han viste til samarbeidet om pasientforløpet til den eldre multisjuke pasienten der kommunane er veldig godt fornøgd med samarbeidet. 

Sjå heile presentasjonen til Anders Riise her.


Fire utviklingsområder

Utfordringa til deltakarane var å gi innspel på kva større områder innan samhandling ein bør trekke spesielt fram i utviklingsplanarbeidet.

Før diskusjonane presenterte KS og Helse Møre og Romsdal kvar for seg kva område dei tenker kan vere viktige å trekke fram.

Desse fire områda har KS prioritert innan helse:

  • Rus og psykiatri, herunder omgåande hjelp og betalingssystemet.
  • Grensesnittet for ansvar mellom primærhelsetenesta og helseforetaket.
  • Forsking på å prøve ut andre samhandlingsmodellar – i samarbeid med helseforetaket
  • Innovasjon

Helse Møre og Romsdal ved ass. dir. Helge Ristesund presenterte desse områda som ein frå føretaket tenker kan vere aktuelle:

Ass.dir. Helge Ristesund legg fram forslag til prioriterte utviklingsområder
Ass.dir. Helge Ristesund legg fram forslag til prioriterte utviklingsområder

 

  • Tilbod til barn og unge. Temaet er også eitt av fem prioriterte områder i samhandlingsstrategien. Det er allereie satt ned ei arbeidsgrupupe som skal beskrive tilbodet i dag, og forslå framtidig tilbod i heile helseføretaket.
  • Nok personell tilgjengeleg med riktig kompetanse. Korleis skal vi utvikle kompetanse og sikre kunnskap, rekruttere og behalde. Kommunar og helseføretak konkurrerer om det same personellet.
  • Tilbodet innan psykisk helsevern og rusbehandling. Temaet er også eitt av fem områder frå samhandlingsstrategien som ein er einige om å prioritere. 
  • Akuttmedisinske tenester

Sjå heile presentasjonen til Helge Ristesund her.

Resultat frå diskusjonane blei samla inn og gjennomgått i pausa, og mot slutten av dagen blei det oppsummert at desse fem hovudområda som dialogmøtet meiner det bør leggast vekt på:


1. Barn og unge
2. Psykisk helse og rus
3. Kompetanse
4. Akuttmedisinske tjenester
5. Teknologi

Endeleg avgjerd om val av prioriterte områder blir gjort i styringsgruppa i Helse Møre og Romsdal den 2. mai, og arbeidet internt i helseføretaket og i arbeidsgrupper innan samhandlingsområda pågår fram til september. 

Offentleg høyring til hausten

Helseføretaket køyrer arbeidsprosessar i tre perspektiv i samband med utviklingsplanarbeidet. Desse er føretaksperspektivet, klinikkperspektivet og samhandlingsperspektivet. Samhandlingsrådgivar Lena Bjørge Waage og strategirådgivar Anne Strand Alfredsen Larsen orienterte korleis ein har organisert planprosessen framover.

- Vi planlegg ein høyringsperiode på ca seks veker i oktober november, seier Waage og ba alle om å notere seg dei neste dialogmøta som skal vere i 2017.

Tysdag 20. juni og 30. oktober.

For meir informasjon om organisering av arbeidet sjå presentasjon frå møtet, eller gå til temasida for utviklingsplan på nett.

Les meir om organiseringa vidare - presentert den 7. april

Temaside Utviklingsplan


Høyrt frå diskusjonane rundt borda

 

Totalt 12 bord var i aktivitet under dialogmøtet - her frå bord nr. 5.
Totalt 12 bord var i aktivitet under dialogmøtet - her frå bord nr. 5.


- Vi i kommunane blir veldig fragmenterte opp mot helseføretaket i dei tema som skal takast opp. Kommunane må varte opp med ein kraftigare organisasjon der ein også involverer legane.

- Vi må bli betre på å bruke tilgjengeleg statistikk. Undre seg i fellesskap over ulikheiter, og sjå kva som er årsaken og kva ein kan gjere. Dra fram dette i sterkare grad for å bli meir konkret.

- Det blir eit «pes» å få tak i nok folk og nok kompetanse. Vi kjempar om dei same folka.

- Teknologi, innovasjon og tenestedesign er viktig. Eg ser fram til at Helseplattformen (HP) er på plass med moglegheit for kommunikasjon mellom fagfolk og på tvers.

- Det er ein utfordring av at det blir mange av oss framover og fleire av oss blir eldre og multisjuke. Kor mange av oss skal få kva slags tilbod. Grensesnitt og rett behandlingsnivå.

- Vi må ha ei felles målsetting. Fokus må vere på pasienten sitt behov. Under kompetanse inkluderer vi innovasjon og teknologi. Satsar vi på god teknologi kan vi frigjere ressursar som kan brukast andre stadar.

- Vi kan ikkje vente på Helseplattformen. Vi kan sjølve vere i stand til å utvikle områda som er utfordrande og som vi kan gjere noko med no. Tenk om Helseplattformen blir forseinka?

- Berekraft og økonomiske utfordringar. Dei verkeleg vanskelige diskusjonane kjem når det blir mindre behov. Kan spesialisthelsetenestesida bli ærlegare på kva som stimulerer produksjon/overproduksjon. Kva held vi eigentleg på med?

- Ein av fire må utdanne seg innan helsefag for å ivareta framtidige behov. Nærast umogleg. Korleis skal spesialisthelsetenesta oppfylle dei krav og forventninga som kommunane og befolkninga har i framtida. Korleis kan vi få tak på kvarandre sine utfordringar, både i kommune og i helseføretaka?

- Korleis pasienten opplev helsevesenet må vere ei overskrift på alt vi gjer. Pasienten må hoppe frå det eine isflaket til det andre, og målet er eit saumlaust tilbod. Vi i spesialisthelsetenesta må vere støtte og rådgivarar for tenestene ute. Støtte til legevaktslege gjennom moderne teknologi og konsultere kvarandre på ein enklare måte. Vi må vere på tilbodssida, og det er god økonomi i dette.