Kjerstin Holen er avdelingsleiar ved omsorgsbustadane for yngre med samansette behov ved Spjelkavik omsorgssenter. Ho og to av kollegaene hennar deltok på oppstartsamlinga i Ålesund og ser stor verdi i samarbeidet og satsinga for dei eldre, multisjuke pasientane.
– Våre pasientar er ofte multisjuke. Vi må sikre heile pasienten, og sjå heile bildet. Eg har sterk tru på verktøya som er gitt i dette prosjektet med sjekklister, seier Holen engasjert. Ho fortel vidare at sjekklister både kan verke førebyggande for reinnleggingar, og det kan vere eit godt kommunikasjonsverktøy mellom dei som bidreg i behandlinga av pasienten.
På oppstartsamlinga i Ålesund fekk dei presentert ein case, «Ola 81 år» der geriater Petra Thiemann Vadseth frå Helse Møre og Romsdal gjekk inn på mange faktorar i livet til «Ola». Kva opplevingar har han med seg som kan ha betyding for kva behandling han bør ha? Kva er viktig for Ola i dagleglivet, og kva er sjukehistoria hans?
– Sjekklistene skal bidra til felles fokus på problemstillingane til pasienten. Sjekklistene skal følgje pasienten og bidra til betre overblikk. Dersom avdelingane allereie har andre sjekklister, bør ein inkludere dei i denne, anbefaler geriateren. I løpet av prosjektperioden har dei gjennomført ein grundig behovskartlegging og funne ut kvar skoen trykker.
Dei nye sjekklistene er testa ut i liten skala i Herøy og Giske kommunar, og er alt justert etter dei første tilbakemeldingane som er kome inn. No ønskjer prosjektet meir utstrekt bruk, slik at den utviklinga av pasientforløpet med sjekklister kan skje på eit breitt grunnlag.
Gode sitat snappa opp under oppstartsamlinga i Ålesund
«Element som ofte sviktar i dag er inkludert i sjekklistene»
«Desse må vi konsekvent ta i bruk»
«Vi bør vurdere kvarandre sine sjekklister. Vi kan vurdere sjukehuset sine, og dei kan vurdere våre» (Tilsett i kommunehelsetenesta)
«Vi tenker at sjekklistene må erstatte dei vi har i dag. Elles blir det for mykje»
Pasientforløpet med sjekklister finn du på helse-mr.no/pasientforlop
Sjekklistene blir oppdatert tysdag 28. mars
Les også: Kronikken «Nå skal vi lykkes» av prosjektgruppa
Presentasjonar frå samlinga
Oppstarten: Pasientforløp for eldre multisjuke pasientarPasienttryggleiksprogrammet I trygge hender 24/7Presentasjon av case "Ola 81 år"NettverksbyggingSmøla - pasient- og brukersikker kommune (frå samlinga i Kristiansund)
Foto: Colourbox.com