
Ingrid Løset er leiar av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal. Denne torsdagen held ho innlegg under det årlege dialogmøtet mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. I salen sitt m.a. rådmenn, ordførarar, kommunelegar, klinikksjefar og tillitsvalde som er samla for å snakke om korleis dei kan jobbe meir saumlaust innan psykisk helse og rus.
- Vi må snu spørsmålet frå «Kva er det som feiler deg» til «Kva er viktig for deg», seier Ingrid Løset.
Ho fortel at mange pasientar opplever seg små i møtet med behandlar.
- Ein er i uvante omgivingar, er sårbare og engstelege. Vi har mange spørsmål men tør kanskje ikkje spørre likevel, seier Løset.
Ho opplev at ein er komen mykje lenger i pasientkommunikasjonen, og skjøner at det i ein travel kvardag ikkje er enkelt å vere fagperson i møta med pasienten.
- Helsepersonell har mange krav og fristar på seg, og vi ser det kan vere utfordrande å finne tida til den gode samtalen, fortel leiaren for brukarutvalet. Den viktigaste bodskapen er likevel at pasientane ønskjer å vere viktig for behandlaren.
Den 6. juni stod ho saman med brukarar og fagpersonell på stand på sjukehusa i fylket for å spørje pasientane kva som er viktig for dei. Dagen er ein del av pasienttryggleiksprogrammet og er markert i over 50 land, i 180 kommunar, bydelar og sjukehus. Dei fekk inn mange svar frå pasientar og pårørande som er sortert i sju konkrete råd til helsepersonell. Desse vil dei no vil formidle ut.
7 råd til helsepersonell
- Det viktigast for oss pasientar er at vi er viktig for deg som behandlar. Eg vil føle meg sett og høyrt, og det ser vi igjen i desse sju råda, seier Løset.
- At du lytter til meg og at eg blir behandla vennleg og med respekt.
- At du er godt førebudd og at det er mest mogleg kontinuitet i behandlinga.
- At du tar samvalg på alvor og at eg får bli med på å bestemme i eiga behandling.
- At du så langt som råd legg til rette for rask og effektiv oppfølging. Mi tid er også viktig.
- At du tenkjer over pasienten sin alder og bustad ved fastsetting av time.
- At du overheld teieplikta og at det er god skjerming på fleirmannsrom.
- At du har faglegkompetanse slik at eg føler meg trygg og ivaretatt.
Innlegg dialogmøte:
Presentasjon 1 Innledning - Erlandsen.pdfPresentasjon 2 Samarbeid om utviklinga av framtidas helseteneste i Møre og Romsdal - Theodorsen.pdfPresentasjon 3 Samarbeid om utviklinga av framtidas helseteneste i Møre og Romsdal - Øvstebø.pdfPresentasjon 4 Kva er viktig for meg - Løset.pdfPresentasjon 5 SNR – status, ny fremdriftsplan - Gaupset.pdfPresentasjon 6 DMS KSU - Kjønnøy.pdfPresentasjon 7 Helseplattformen - Sagen Major og Evjen.pdf