Anbefaler entreprisemodell med tett samhandling med entreprenør

- Vi ønskjer å dra nytte av entreprenørens kompetanse i den vidare utviklinga av prosjektet. Derfor trur vi "Totalentreprise med samhandling" er den beste løysinga for å finne gode og kostnadsreduserande tiltak slik at vi får realisert ambisjonane for akuttsjukehuset på Hjelset innanfor budsjettramma, skriv adm.dir. Espen Remme i si sak til styret. 

 


Les også: Held fast ved vedtak og intensjonar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Ny konkurranse

Den første konkurransen blei avslutta i juni fordi tilboda frå dei to entreprenørane låg så høgt over den økonomiske ramma for prosjektet, at sjølv om ein lukkast med å forhandle ned til budsjettramma,  ville ein raskt kome i konflikt med anskaffelseregelverket for konkurransen. 

No anbefaler Remme ein konkurranse med ein mindre detaljeringsgrad, og som opnar for større bidrag frå entreprenørane. I ein ny konkurranse vil også budsjettramma bli kjent.

- I vurderinga av forslag til tiltak vil vi sikre god medverking frå tilsette. Eventuelle endringar vil bli kvalitetssikra av HMR. Men ein slik modell vil vi ha oversikt over dei reelle kostnadane i prosjektet undervegs i prosessen, seier Remme.

Tiltak for å styrke styringa

Ut frå situasjonen som oppsto i juni, vurderer også adm. dir. at det er behov for å styrke styringa av prosjektet. Dette gjeld både med omsyn til kompetanse, kapasitet og rapportering. Nokre av tiltaka som adm.dir. anbefaler for styret er:

  • Ei ytterlegare kompetansemessig styrking av prosjektstyret med erfaring frå store byggeprosjekt generelt og større sjukehusprosjekt spesielt.
  • Vurdere mandat og fullmakter som pr. d.d. ligg til prosjektstyret.
  • Auke rapportering frå prosjektstyret SNR til HMR til månadleg rapportering.
  • Utvida statusrapportering til styret.
  • Forventning om at Sykehusbygg set av tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å gjennomføre justert realiseringsstrategi for SNR.

Evaluering

Sykehusbygg har også bedt rådgjevarar og arkitektar som er knytt til prosjektet om å evaluere eige kalkylearbeid. Sykehusbygg har også tatt initiativ til at deira handtering av anbodskonkurransen blir evaluering av ein ekstern aktør.


Dersom styret støttar anbefalinga frå adm.dir. så vil Sykehusbygg jobbe vidare arbeidet med konkurransestrategi og underlag. Ny konkurranse vil bli lyst ut i november, og i februar planlegg ein å inngå kontrakt med ein entreprenør og starte på samhandlingsfasen.


Les heile styresaka her.