Smittvernoverlege Jørn-Åge Longva registerer ein gledeleg nedgang i forbruk av antibiotika i Helse Møre og Romsdal første tertial 2018 sammenlikna med 2017. Det viser tal frå Helsedirektoratet.
24 % nedgang sidan 2012
Tala viser også ein nedgang i forbruk av dei bredsprektra gruppene, og prosentvis reduksjon fra i fjor er 14 %. Sidan 2012 er nedgangen i forbruk av bredspektra antibiotika på 24 %.
- Det burde dermed vere eit realistisk mål å nå 30 % reduksjon innan 2020 dersom arbeidet og fokus på antibiotikaforbruk opprettholdes og vidareførast. Helseføretaket var allerede blant dei som hadde lågest forbruk av antibiotika i 2012, så det er gledeleg å sjå at vi med dét utgangspunktet ilkevel ligg godt an til å nå målet, sa smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal under onsdagens styremøte.
Resistente bakteriar gir auka dødelegheit
Unødig bruk av bredspektra antibiotika kan vere med på å gjere bakteriar resistente, det vil sei motstandsdyktige, mot antibiotika. Økt resistens vil føre til auka dødelegheit hos dei mest sårbare pasientgruppene, som til dømes barn og kreftpasientar.