Branntilløp på ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund

Ingen vart skadd i i samband med brannen.

Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund

Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund

Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund

Fredag formiddag var det eit branntilløp på ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund. Brannen ble sløkt, og både pasientar og tilsette vart raskt evakuert.

- Alle pasientar og tilsette er ute av bygget og blir no vurdert for røykskadar. Vi har også kontakta pårørande og informert dei vi har klart å få tak i så langt, seier avdelingssjef Manuela Strauss i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Avdelingssjef Manuela Strauss

Avdelingssjef Manuela Strauss

Bygget, som består av to delar, blir no undersøkt for skadar.

- Den delen som brann kan vi ikkje bruke per no. Den andre delen av bygget som ikkje er berørt av sjølve brannen, er utsett for røyklukt, så vi har driftspersonell som undersøkjer om dette  får konsekvensar for driftssituasjonen, seier Strauss.
 
Det jobbast no med å finne ei alternativ løysing til behandlingsstad for inneliggande pasientar.