Fagleg påfyll for styret

I samband med styremøta har styret lagt inn omvisningar ved sjukehusa i fylket. Før sommaren besøkte dei sjukehusa i Volda og Ålesund, og denne onsdagen var det Molde sjukehus som sto for tur.

 

- Det er flott å treffe dei tilsette når vi besøker dei ute i seksjonane, seier styreleiar Ingve Theodorsen. Han har tatt initiativ til at styret er ute i verksemda for å treffe fagfolka, bli betre kjend med drifta og for å auke kunnskapen om fagområda.

Første stopp denne onsdags formiddagen var nevrologisk avdeling.

Kvar tredje av oss får ein sjukdom i hjerna

- Vi er ein av Norges eldste avdelingar, fortalde avd.sjef Åse Hagen Morsund til styret under omvisninga ved sjukehuset i Molde. Avdelinga blei etablert i 1960 og har 17 døgnplasser. Hagen Morsund fortalde om ei rivande fagleg utvikling og mange fleire behandlingsmoglegheiter enn før.

- Sjukdomar i nervesystemet står på kartet nasjonalt, og kvar tredje av oss får ein sjukdom i hjerna i løpet av livet. Dei største pasientgruppene er innan hjerneslag, demens, MS, epilepsi, parkinsons sjukdom, rygg-/nakkelidingar, hovudpine, ALS og hjernesvulstar, sa avdelingssjefen.

Avdelingssjef Åse Hagen Morsund saman med styreleiar Ingve Theodorsen (til venstre) og adm.dir. Espen Remme.

Avdelingssjef Åse Hagen Morsund saman med styreleiar Ingve Theodorsen (til venstre) og adm.dir. Espen Remme.


Avdelinga ser fram til eit SNR som legg til rette for moderne drift, og ein seksjon som er slått saman på tvers av Molde og Kristiansund har gitt gode erfaringar så langt.

- Vi har høg fagleg kvalitet, rekrutterer bra, har stor forskingsaktivitet sett i forhold til tal stillingar, arbeider tverrfagleg og har gode faglege relasjonar til andre sjukehus. Den største utfordringa vår er medikamentkostnadane, sa Hagen Morsund til styret.

-Eit godt arbeid over fleire år gir resultat

Seksjonsleiarane Gry Rønning og Georg Johnsen tok styret med inn i intensivseksjonen sin kvardag, og fortalde om god anestesilegedekning og 90% dekning av intensivsjukepleiarar.

Frå venstre: Espen Remme, Gry Rønning, Bjarne Storset, Nils Kvernmo, Ingve Theodorsen og Georg Johnsen.

Frå venstre: Espen Remme, Gry Rønning, Bjarne Storset, Nils Kvernmo, Ingve Theodorsen og Georg Johnsen.

- Eit godt arbeid over fleire år gir resultat, slik at mange kjem tilbake til sjukehuset fordi dei kan få eit interessant arbeid og fordi dei likar byen, seier Johnsen som trur rekrutteringa blir enklare dess nærare ein kjem byggestart for akuttsjukehuset på Hjelset.

Rønning meiner ei fysisk samanslått avdeling har gradvis gitt eit betre fagleg samarbeid mellom fagområda kirurgisk og medisinsk intensiv. – Vi bruker forbetringstavla vår som henger godt synleg i gangen, og den bruker vi aktivt med masse gule lappar som alle kan sjå og seie sitt om, forklarte Rønning.

Team og ressursgrupper i seksjonen har eit auka fokus på fagutvikling, og dei arbeider målretta med å dele kunnskap og å styrke samarbeidet mellom seksjonane. 

Seksjonsleiar Gry Rønning viser fram intensivseksjonen for styret i HMR.

Seksjonsleiar Gry Rønning viser fram intensivseksjonen for styret i HMR.


Ny CT i drift frå neste veke

I løpet av omvisninga fekk styret sjå den nye CT-maskina som blir sett i drift i neste veke. Avdeling for radiologi famnar om både Molde og Kristiansund, og den nye CTen skal vere med inn i det nye akuttsjukehuset på Hjelset (SNR). Avdelingssjef Odd Arne Haram var fornøgd med at det no blir installert ein CT som kan vere ein back-up av den 11 år gamle eksisterande maskina.

- No får vi betre utgreiing av kreft og vi kan redusere kontrast og stråledose. Vi kan også gi tilbod om CT av hjerte til pasientar som tidlegare har reist til St.Olav eller Ålesund, og ei betre utgreiing av hjerneslag, sa Haram til styret.

Ny CT er snart i gang i Molde. Avd.sjef Odd Arne Haram forklarer for styreleiar og adm.dir. i HMR.

Ny CT er snart i gang i Molde. Avd.sjef Odd Arne Haram forklarer for styreleiar og adm.dir. i HMR.

Slik ser den ut under lokket. Avd.sjef Haram fortel om eigenskapene ved maskina.

Slik ser den ut under lokket. Avd.sjef Haram fortel om eigenskapene ved maskina.


Styret fekk også sjå eit nytt digitalt «dashbord» som gir ei enkel visuell framstilling av tal for kvalitet og pasienttryggleik, aktivitet, personell og økonomi.

- Vi er veldig nøgd med verktøyet som økonomiavdelinga i føretaket har utvikla. Vi får god oversikt over m.a. ventetider, tal undersøkingar sett opp mot målet, økonomi og sjukefråver, seier avd.sjef Odd Arne Haram.