Fylkesdekkande sikkerheitspsykiatri i Ålesund

Frå 1. oktober blir Forsterka rehabilitering ein reindyrka sikkerheitsseksjon.

Nokre av dei tilsette ved Lokal sikkerheitspsykiatri HMR

Nokre av dei tilsette ved lokal sikkerheitspsykiatri HMR

Nokre av dei tilsette ved Lokal sikkerheitspsykiatri HMR

Seksjonen, som er underlagt avdeling for sjukehuspsykiatri, er lokalisert i Ålesund og vil bli fylkesdekkande. Det nye namnet blir Lokal sikkerhetspsykiatri HMR.

Etterlengta status

Seksjonen ble etablert i oktober 2008 med fire sikkerhetsplassar og to rehabiliteringsplassar. Året etter blei dei første pasientane tatt i mot. I fleire år har det vore ønskeleg med status som sikkerheitseksjon, og frå mandag 1. oktober er dette endeleg på plass med seks døgnplassar for sikkerhetspsykiatri.
 
- Så langt har vi hatt funksjonen, men ikkje den formelle tittelen, så det er klart at det er godt at vi endeleg har fått dette avklart. Vi har sidan 2013 hatt eit enormt fagleg løft, heva kompetansen og etablert eit godt samarbeid med NTNU med tanke på rekruttering, seier seksjonsleiar Perny Oksnes.

Vann arbeidsmiljøpris

Seksjonen har 32 tilsette  med tverrfaglig bakgrunn som ivaretek pasientar med samansatte psykiske lidingar og pasientar dømt til psykisk helsevern. Seksjonen har ellers stort fokus på ettervern og oppfølging etter utskrivning. 
 
Sidan 2017 har dei tilsette arbeida aktivt med pasientforløp for sikkerhetspsykiatri som no er i implementeringsfasen. Det er oppretta ei arbeidsgruppe i seksjonen som har fått et formelt mandat for utarbeiding og iverksettelse av tiltak i forbindelse med overgang til lokal sikkerheitspsykiatri.
 
I 2017 vann seksjonen arbeidsmiljøprisen i helseføretaket etter å kontinuerleg ha jobba for å forbetre og halde på eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø.