Ga klarsignal for ny entreprise for akuttsjukehuset

Styret i Helse Møre og Romsdal stiller seg bak adm.dir. Espen Remme si anbefaling om å nytte totalentreprise med samhandling som strategi for å byggje akuttsjukehuset på Hjelset. Ein ny konkurranse vil bli offentleggjort i november i år. 

Akuttsjukehuset på Hjelset

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl og styreleiar i HMR, Ingve Theodorsen


- Eg meiner tidleg involvering av ein entreprenør i utviklinga av prosjektet er riktig veg å gå. For å realisere Sjukehuset Nordmøre og Romsdal må vi finne gode og kostnadsreduserande tiltak og det må skje i tett samarbeid med dei tilsette i føretaket, seier styreleiar Ingve Theodorsen. 




Vil gi målpris for ny konkurranse 

Prosjektdirektør Helle Jensen frå Sykehusbygg har leia arbeidet med ny entreprisestrategi. På styremøtet gjekk ho og styreleiar for prosjektstyret, Olaf Melbø, gjennom evalueringa av førre konkurranse, samt deira anbefaling for å sikre bygginga av akuttsjukehuset. 

Prosjektsjef Keil Gaupset, prosjektdirektør Helle Jensen og leiar i prosjektstyret Olaf Melbø



- Vi ønskjer å dra nytte av entreprenøren sin kompetanse i ein samhandlingsfase kor målprisen er kjent. Vi legg opp til å lyse ut konkurransen i november og vil signere kontrakt i februar neste år. Samhandlingsfasen vi starte rett etter og skal halde fram til planlagt byggestart i november 2019, seier Jensen. 





Medverkinga skal ivaretakas

Prosjektsjef frå HMR, Ketil Gaupset, orienterte om korleis ein vil sikre eigarskap og god forankring internt i HMR i samhandlingsfasen. Noko også styreleiaren framheva som særs viktig. 

- Vi skal sikre eit drifts- og kvalitetsmessig godt akuttsjukehus og da er det avgjerande å vidareføre medverkinga frå HMR med tilsette, tillitsvalte, verneombod og brukarar. Vi ber Sykehusbygg om å sikre at dette blir handtert på ein god måte, sa Theodorsen.


Tiltak for å styrke styringa

Styret ønskjer også å styrke styringa av prosjektet. Dette gjeld både med omsyn til kompetanse, kapasitet og rapportering. Nokre av tiltaka vil vere:

  • Ei ytterlegare kompetansemessig styrking av prosjektstyret med erfaring frå store byggeprosjekt generelt og større sjukehusprosjekt spesielt.
  • Vurdere mandat og fullmakter som pr. d.d. ligg til prosjektstyret. 
  • Auke rapportering frå prosjektstyret SNR til HMR til månadleg rapportering.
  • Utvida statusrapportering til styret.
  • Forventning om at Sykehusbygg set av tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å gjennomføre justert realiseringsstrategi for SNR.

Les meir om SNR-prosjektet