Gjer fleire grep for å styrke gjennomføringa av SNR

For å sikre at Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir realisert i tråd med vedtaka, har administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal Espen Remme gjort fleire grep og har henta inn ny kompetanse i prosjektet.

Akuttsjukehuset skal vidareutviklast i 2018

- Eg er glad for at vi har fått med oss Johan Arnt Vatnan som nestleiar i prosjektstyret for SNR. Vatnan er prosjektdirektør i  Nye veier AS og har lang erfaring frå store byggeprosjekter generelt og større sjukehusprosjekt i Norge, seier Remme. 

Erfaring frå sjukehusprosjekt

Johan Arnt Vatnan
Vatnan var i ein periode prosjektdirektør for Tønsbergprosjektet ved Sykehuset i Vestfold og leia utbygginga av St. Olavs Hospital i Trondheim. Vatnan går inn i eit prosjektstyret som har i oppdrag å leie gjennomføringa av utbygginga av SNR-prosjektet, der oppfølging av Sykehusbygg sine leveransar står sentralt. Innføring av nye gjennomføringsmodellar med samhandling mellom partane i store og komplekse prosjekt har vore sentralt i Vatnan sitt prosjektarbeid.

- SNR er ein avgjerande del av det framtidige spesialisthelsetenestetilbodet til befolkninga i fylket og derfor er det viktig at vi sikrar tett og god oppfølging av prosjektet for å få det realisert, seier ass.dir. Helge Ristesund som er styremedlem i prosjektstyret.

Styring og oppfølging

SNR-prosjektorganisasjonen leia av prosjektdirektør Helle Jensen og prosjektsjef Ketil Gaupset har i haust arbeidd med nytt konkurransegrunnlag for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. I tillegg har leiinga i HMR saman med prosjektet arbeidd med tiltak i tråd med styresaka frå septembermøtet.

o Nytt mandat til prosjektstyret. 
o Oppdatering av styringsdokument for prosjektet.
o Månadlege skriftlege rapportar frå prosjektstyret til adm.dir. i HMR.
o Jamlege dialogmøte mellom prosjektstyret sin leiar, nestleiar, styreleiar i HMR og adm. dir. HMR.
o Intern og ekstern evaluering av førre konkurranse.
o Sikre god samhandling mellom Sykehusbygg og HMR.
o Sikre god medverking frå tilsette, brukarar og kommunar i utviklinga av prosjektet.
o Kartlegging av behovet for kompetanse og kapasitet i Sykehusbygg for å handtere samhandlingsfasen.

- Vi vil få ein oversikt over kompetansebehovet ved utgangen av oktober og vil deretter sikre at sentrale ressursar kjem på plass så snart som mogeleg, seier Ristesund.

Ny konkurranse

Under styremøtet 12.september blei det sagt at ny konkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset vil komme i november 2018. I samband med aktivitetane nemnd over, vil utlysinga av ny konkurranse bli noko utsatt. Nytt tidspunkt for konkurransen blir lagt fram for styret i desember.

Om prosjektstyret for SNR

Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for adm.dir. Espen Remme og blei oppretta i konseptfasen av prosjektet. Prosjektstyret er delegert fullmakt til kontraktuell oppfølging av Sykehusbygg HF sine leveransar og skal sjå til at arbeidet blir utført i samsvar med lover og forskrifter og innanfor rammene som er fastsett av HMR og føringer gitt av Helse Midt-Norge og Helse og omsorgsdepartementet.

Prosjektstyremedlemmar SNR