Har du aldri tatt ein hudsjekk hos fastlegen?

Er du mann, over 50 år og aldri tatt ein hudsjekk hos fastlegen? Då kan det vere din tur no. Vi har større sjanse til å oppdage alvorleg sjukdom og gi nødvendig behandling når du kjem inn til behandling på eit tidleg stadie.

Ein ny rapport frå Kreftregisteret viser at 56 prosent av påviste melanom i hud blir avdekt på eit tidleg stadie (T1/T2) i Møre og Romsdal. Det betyr også at nesten halvparten av dei som får påvist melanom har utvikla alvorleg kreftsjukdom før dei kjem til behandling. Flest alvorlege tilfelle i Møre og Romsdal ser vi blant menn over 50 år. Hudforandringane hos menn oppstår oftast på ryggen, og det kan vere vanskeleg å følge med på forandringane sjølv. 

Kva bør du gjere?

  • Bli kjent med hudforandringane dine
  • Be kone/partnar om å bli kjent med hudforandringane dine på ryggen
  • Sjå etter «den stygge andungen» - den som skil seg frå andre pigmenterte hudforandringar
  • Ta føflekktesten på Kreftforeninga sine nettsider føflekktesten.no
  • Ta kontakt med fastlegen din for ein enkel hudsjekk dersom du ser noko som er mistenkeleg

Melanom oppstår både hos kvinner og menn i alle aldrar, men kvinner oppsøker i større grad lege på eit tidlegare tidspunkt, og kjem dermed raskare inn til nødvendig behandling enn menn. Tidleg diagnostikk og behandling har stor effekt og vil føre til at fleire pasientar blir kurert for sin kreftdiagnose.

Forekomsten av melanom i hud er høgst sør i landet og i Trøndelag. I Møre og Romsdal hadde vi 79 tilfelle i 2017, men sjølv om vi har relativt få tilfelle her i vårt fylke er det likevel svært viktig å få løfta denne saka. Særleg menn over 50 år må bli meir observante på eigne hudforandringar og oppsøke fastlegen sin dersom dei ser noko mistenkeleg. Det kan bety forskjellen på liv og død.

Vi har eit stort potensiale til å oppdage kreftsjukdomen på eit tidlegare stadie.
Fastlegane i Møre og Romsdal er raske med fjerne mistenksame føflekkar. I 2017 har avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal diagnostisert 12 129 vevsbitar frå hud. Av desse er 3 677 pigmentføflekkar, og av desse var 79 vondarta. Med dette kan det sjå ut til at befolkninga i Møre og Romsdal er observante på hudforandringane sine, og at den som kjem tidleg til undersøking blir tatt alvorleg og får auka sin sjanse for ei vellukka behandling.

Så menn over 50 år, dette er ei ekstra oppmoding til dykk.
Oppsøk fastlegen din for ein enkel hudsjekk dersom du ser mistenkelege hudforandringar!