Held fast ved vedtak og intensjonar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Innhaldet, funksjonane og kapasiteten i SNR skal ikkje endrast, men for å lukkast med å redusere kostnadane må vi gjere bygningsmessige endringar på akuttsjukehuset på Hjelset, det var bodskapen frå adm.dir Espen Remme under informasjonsmøta 31.august

Styreleder Ingve Theodorsen, prosjektleder Ketil Gaupset, Helle Jensen frå Sjukehusbygg og adm.dir Espen Remme i Helse Møre og R
Styreleder Ingve Theodorsen, prosjektleder Ketil Gaupset, Helle Jensen frå Sjukehusbygg og adm.dir Espen Remme i Helse Møre og Romsdal

Før sommaren blei anbodskonkurransen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset stoppa. Bakgrunnen var alt for høge pristilbod og manglande moglegheiter til å forhandle tilboda ned til prisramma, utan at måtte bryte reglane for konkurransen. 5.september offentleggjer Remme si anbefaling til ny entreprisestrategi som blir behandla i styret i Helse Møre og Romsdal 12.september.

- Vår oppgåve er å få realisert akuttsjukehuset innafor prisramma som er satt for oppdraget og vi har samarbeidd tett med Sykehusbygg for å sikre dette. I arbeidet med å finne ein ny entreprisestrategi har det vore avgjerande for oss å finne ein strategi som legg til rette for å oppnå store kostnadsreduserande tiltak, seier Remme.

Bygningsmessige endringar

Remme ønskjer å sikre at mest mogleg av resultata frå medverkingsprosessane blir ivareteke i det vidare arbeidet. Samtidig vil det bli nødvendig å gjere endringar på bygget som kan få konsekvensar for korleis funksjonsområda er utforma og plassert.

- Vi meiner det er mogeleg å gjere endringar knytt til tekniske løysingar, byggkonstruksjonen og fasadane på akuttsjukehuset og få ned kostnadane til bygget, seier Remme. 

- Målet er framleis å bygge eit framtidsretta akuttsjukehus og at bygget blir utforma på ein best mogleg måte både for pasientar, pårørande og tilsette. Forankring og medverking er avgjerande for å lukkast med gode kostnadsreduserande tiltak knytt til akuttsjukehuset, seier Remme.

Ulike strategiar er vurdert

Fordelar og ulemper knytt til ulike strategiar er vurdert. Ein har vurdert å dele opp bygget i fleire delentreprisar og ein vurdert strategiar der ein beheld sjukehusbygget som ein samla entreprise.

- I arbeidet med ny entreprisestrategi har vi fått verdifulle bidrag frå fleire fagpersonar i Sykehusbygg. Vi har hatt dialog med andre sjukehusprosjekt og vi har hatt kontakt med selskapet Nye Veier. Advokatfirmaet Arntzen de Besche, som har solid kompetanse på entreprisemodellar og ulike oppgjørsformer, har bidrege i tillegg til prosjektstyret for SNR, seier prosjektdirektør Helle Jensen. 

Når styret har vedteke ny entreprisestrategi så vil det bli jobba fram ein ny framdriftsplan for prosjektet. Berekna utsetting i prosjektet vil bli på om lag eitt år.

Følg SNR-prosjektet her.