
4. desember går prosjektdirektør frå Sykehusbygg Helle Jensen ut av stillinga som prosjektdirektør av familiære årsakar.
Ho blir erstatta av prosjektleiar for prosjekteringa, Harald Hasfjord som går inn som midlertidig prosjektdirektør i ein periode.
- Vi vil takke Helle Jensen for jobben ho har gjort for prosjektet i denne perioden. Sykehusbygg vil no søke etter ny prosjektdirektør for SNR gjennom tilsetting eller engasjement, og prosessen med dette er allereie i gong, seier Bjørn Remen konst. adm. dir i Sykehusbygg.