Ho blir sjukehuskoordinator i Kristiansund

Carina Wollan Myhre startar i jobben i slutten av august.

Carina Wollan Myhre
Carina Wollan Myhre

Myhre har vore tilknytta medisinsk avdeling på Kristiansund sjukehus dei siste 20 åra både som sjukepleiar og no sist avdelingsleiar. Ho går inn i stillinga frå og med 27. august.

- Etter mange år i leiinga på medisinsk avdeling kjenner eg på behovet for å bidra for heile sjukehuset. Då dette er ei nyoppretta stilling, gir det eit handlingsrom saman med lokal linjeleiing. Arbeidsoppgåvene vil spegle den situasjonen sjukehuset til ein kvar tid befinn seg i, men slik eg ser det blir intern koordinering, samhandling med kommunane og samarbeid med prosjektleiar for DMS dei viktigaste oppgåvene, seier Myhre.

Myhre er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan diabetessjukepleie. Akkurat no tek ho eit årsstudium i velferdsteknologi.

- Kristiansund er eit veldriven lite sjukehus med engasjerte tilsette og seksjonsleiarar. Sjukehuset står overfor store og spanande utfordringar i åra som kjem, med foreninga av fagmiljøa inn mot SNR og etablering av eit DMS i samarbeid med kommunane på Nordmøre. 


Les også:

Bjarte Jensen blir sjukehuskoordinator på Ålesund sjukehus


Kvifor sjukehuskoordinator?

Hausten 2016 anbefalte leiargruppa at det blei satt i gong eit pilotprosjekt ved eitt av sjukehusa for å prøve ut korleis ei stadleg driftsleiing/koordinering kunne organiserast.

Tilsette frå alle sjukehusa var med i arbeid med utviklinga av pilotprosjektet på stadleg leiing, og våren 2017 blei det gjennomført ved Volda sjukehus der mellom anna sjukehuskoordinator-rolla blei testa ut.

Etter denne perioden blei pilotprosjektet evaluert og både styringsgruppa for OU-prosjektet og leiargruppa i HMR gjekk inn for å vidareføre ordninga ved dei andre sjukehusa.