Hundrevis av svar på «Kva er viktig for deg»-dagen

No går vi gjennom alle svar slik at dette blir kjent for alle tilsette i føretaket.

Tilsett ved Ålesund sjukehus står på stand
 

– Tilbakemeldingane vi har fått på ‘Kva er viktig for deg’-dagen er gull verdt for oss. Det gir oss rom til å reflektere og tenke over korleis vi møter pasientar og pårørande, seier spesialrådgivar Britt Valderhaug Tyrholm. Ho fortel at på denne dagen var dei aller fleste svara retta mot pasienten sitt møte med sjukehuset og personalet, både praktisk og medmenneskeleg. Vidare, når samtale rundt «kva er viktig for deg?» blir ein endå meir naturleg del i utgreiing og behandling, trur ho også at pasientane sine svar vil kome til å ha stor betyding for medverknaden i eiga behandling.

– ‘Kva er viktig for deg’ skal ikkje berre vere eit spørsmål ein gong i året. Vi skal legge ein plan for korleis vi, i alle delar av helseføretaket, skal bruke dette aktivt i møte med pasientar og pårørande, og samtidig ta med oss dei mange innspela som vi har fått allereie, legg Tyrholm til. 

Her er eit utdrag av svara som kom inn til Helse Møre og Romsdal på markeringa av den internasjonale «Kva er viktig for deg»-dagen:   

Kva er viktig for deg?

Å bli tatt godt i mot

«Bli sett og spurt om ein treng hjelp når ein kjem som besøkande inn i ei avdeling»

«At helsepersonell ikkje seier ‘vi har det så travelt’»

«Å bli sett og møtt som eit menneske og ikkje berre eit nummer i rekka/tilfelle»

«Hyggelege legar og pleiarar som tar deg alvorleg og snakkar eit språk ein forstår»

«Hjelpsame og imøtekomande personar i mottak og resepsjon»

«At nokon tar telefonen når eg ringer»

 «Å bli høyrt uansett kor sliten og lei legen er. Det er vondt å bli mistrudd og dårleg behandla»

«Å bli behandla med verdigheit (ikkje transportband-følelsen)»

«At helsepersonell høyrer kva du seier, og ikkje trur dei veit svaret på førehand»

 «Luktfritt miljø for oss som er innlagt»

«Å bli godt ivaretatt. Positivt med sjølvbetening for mat. Då kan eg få mat når eg er svolten»

«Tilstrekkeleg tid når eg er inne på time/behandling»

«At ny behandlar veit litt om meg på førehand»

«Å bli forklart kva som skal skje på ein roleg måte»

At det er tilrettelagt for meg

«At ein tenker over pasienten sin alder og bustad ved endring av time. Unngå å bytte time når pasienten er eldre og bur langt unna»

«At rullerstolar og rullatorar er tilgjengeleg og i orden»

«Betre informasjon til pårørande via SMS eller online-system»

«Viss ein reiser til St.Olavs same dag som behandling er det viktig å få time litt seint på dag slik at ein ikkje må  stresse»

«Betre toalett for HC. Betjening med spyl, tøk og heving»

«Lette dører»

«At heiser og dører er tilpassa for HC. I dag er panela for høge»

«Betre skjerming på fleirmannsrom»

«Eg har dårleg høyrsel, så det er viktig for meg at hjelpemiddel til svakhøyrde blir styrka»

«Mindre støy, både på rom og i frå gangen, og meir privatliv slik at ein får søvn og kvile»

«Private område der ein kan snakke, slik at ein ikkje går glipp av viktig informasjon»

«Tilgang til mine helseopplysingar på helsenorge.no»

God fagleg kompetanse og oppdatert behandlingstilbod

«At eg får bli med å bestemme i eiga behandling»

«At eg får kome til same behandlar kvar gong, og sleppe å møte stadig nye personar ein må fortelje historia si til. Det tar tid å bygge tillit. Det er også viktig at pårørande får møte same legen»

«At eg blir høyrt og forstått, får god forklaring på kva som blir forløpet for sjukdommen, får kome til vidare undersøkingar og føle meg trygg og godt ivaretatt av lege/helsevesenet»

«Å bli tatt godt i mot, finne løysingar og ikkje bli avfeia dersom planen/ønsket ikkje fungerte»«Betre tilbod til hjartepasientar = PCI»

«Lik hjelp for alle, same kor i landet ein bur»

«’One stop shop’ – viktig at alle plagene pasienten har blir tatt med i vurderingen. Ikkje berre eit og eit spesialfelt»

«Å bli videresendt dersom ein lege ikkje kan forklare symptoma»

«At personalet ikkje gjentar spørsmål gang etter gang. Dei har jo journalen i handa»

«Det vitigaste for meg er medmennesklegheit og kunnskap. Kunnskap om kven ein jobbar med og om kva ein jobbar med. Pårørande-perspektivet er også høgt på lista. Dess meir pasient og pårørande veit om sjukdommen, jo betre.»

«Overlege i akuttmottak til mottak av kritisk sjuke pasientar. Som støtte til lege i spesialisering»

Å sleppe lang ventetid (mi tid er også viktig)

«Kvalitet på helsetenestene (profesjonalitet), at logistikken rundt tilbodet til meg er presis (ikkje måtte vente på timar når ein er på sjukehuset) og at ein ikkje må vente veldig lenge på plass»

«Rask og effektiv oppfølging»

«Å ikkje måtte vente på venterom i evigheiter utan informasjon om forsinkingar»