Internasjonalt samarbeid gir ny kunnskap

I mai var  30 deltakarar frå HMR samla til ortopediveka i Ålesund. Det er tre dager med eit tett fagleg og sosialt program for alle som er interessert i ortopediske problemstillingar. Deltakarane fekk mellom anna ein introduksjon av ulike prosjekt ved dei ulike sjukehusa

​– For å bidra til erfaringsutveksling både internasjonalt og på tvers av sjukehusa i HMR har vi etablert dette nettverket, kor det vert halde regelmessige møter. Der kan vi diskutere felles metodiske og praktiske utfordringar. Vi har eit mål om å stadig utvikle oss fagleg og denne gongen hadde vi med fagpersonar frå Tyskland og USA, seier ortopedisk overlege og teknisk ansvarleg for seminaret Terje Vagstad

 

IMG_2060.jpg

Klar for operasjon: Avd. sjef og overlege ortopedi Ålesund Erland Hermansen, Prof Christof Hurschler og Manuel Ferle, Hannover Medical School, John Xenos, Colorado Orthopaedics, USA, overlege Terje Vagstad, Ålesund


Variert program

I løpet av veka er forsking, klinisk praksis og resultat frå ulik typer prosjekt blitt presentert.

– Det er inspirerande å sjå kva som skjer innan fagområdet ein sjølv jobbar i. Det er og interessant å sjå kva andre driv med av forsking og utvikling, både generelt og innan eigen spesialitet, seier Jan Arild Klungsøyr.