Inviterer kommunane til dialogmøte

Helse Møre og Romsdal har invitert kommunane til ekstraordinært dialogmøte fredag 1. februar i Ålesund.

Her frå eit tidlegare dialogmøte.
Her frå eit tidlegare dialogmøte.

​Helseføretaket har normalt eit årleg møte med alle kommunane, men tal møter blir tilpassa behovet for å halde kvarandre informert.

 - Avhengige av god medverknad

I omstillingsprosessen som helseføretaket står i no framover, og i oppfølginga av styremøtet den 24. januar er det viktig at kommunane er involvert.
Nokre av tiltaka som helseføretaket ser på er allereie vedtatt i utviklingsplanen for 2019-2022, nokre er etablerte forbetringsprosjekt medan andre er nye.

- Vi er avhengige av god medverknad og god kommunikasjon med kommunane. I arbeidet med å identifisere moglege tiltak, gjerast det ei fortløpande avklaring på kven som er relevante interessentar slik at vi kan nå desse med informasjon og involvering, seier konstituert samhandlingssjef Lena Waage.
 

Program blir ettersendt

Ho understreker også at dersom det er tiltak som har vesentlege konsekvensar for kommunane, vil det bli gjennomført ei konsekvensutgreiing. Noko som er i tråd med vedtatt samhandlingsavtale mellom kommunane og helseføretaket.
 
Program blir ettersendt til kommunane.

Les også:
Meir detaljert informasjon om foreløpige tiltak
Status i arbeidet fram mot styremøtet 24. januar
Stiller krav om nedbemanning

Påmelding:

https://www.deltager.no/dialogmote01022019