"Kva er viktig for deg?"

Onsdag 6. juni blir "Kva er viktig for deg"-dagen markert på alle fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.

Samhandlingsgjengen v/ Lena Bjørge Waage og Britt Valderhaug Tyrholm ser over t-skjorter og informasjonsmateriell som skal ut på
Samhandlingsgjengen v/ Lena Bjørge Waage og Britt Valderhaug Tyrholm ser over t-skjorter og informasjonsmateriell som skal ut på alle fire sjukehusa.

6. juni kan du som pasient eller pårørande reikne med å få spørsmålet "Kva er viktig for deg?" frå tilsette som står på stands ved dei ulike sjukehusa  i fylket.

Du som pasient eller pårørande vil få moglegheit til å notere ned noen stikkord på ei lita snakkeboble, og svara som kjem inn vil danne grunnlag for refleksjon og vere eit viktig bidrag inn i det vidare arbeidet med å sette pasienten i fokus.

"Kva er viktig for deg"-dagen er ei bevisstgjering om å flytte merksemda over frå sjukdom og diagnose til helse, meistring og heilskapstenkning. Å lytte til pasienten si stemme er ei retningsendring i helsevesenet basert på ei helsefremmande tilnærming og ei styrka pasientrolle.

Dagen ble for fyrste gong arrangert i Noreg i 2014. Sidan har det blitt en internasjonal bevegelse, og i år har heile 21 land sagt at dei vil vere med å markere denne dagen. I Norge er tilsette frå fleire sjukehus og eit hundretals kommunar med på markeringa.