Lanserte pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløpet skal gi pasientane meir forutsigbarheit, tryggheit, medvirkning og til sist betre behandling. Det vil kreve eit langt betre samarbeid mellom tenestene, var meldinga frå brukarorganisajonane.

Per Gimnes frå Mental Helse
Per Gimnes frå Mental Helse

Ei fullsatt pinsekirke fekk overvære eit tett fagleg program under lanseringskonferansen for psykisk helse og rus tirsdag denne veka.

Tidleg på dagen var også helseminister Bent Høie med på å kaste glans over konferansen, som blei arrangert av Helse Møre og Romsdal i samarbeid med Helsedirektoratet.

Høie slo fast at mange av pasientane innan psykisk helse og rus faller mellom to stolar når det gjeld behandling.

- Det er på høg tid at disse pasientane får meir forutsigbarheit, tryggheit og betre behandling. Medverknaden er også svært viktig, og med dei nye pakkeforløpa skal vi sørge for dette, sa Høie frå talarstolen.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie

Pasienten i sentrum

Etter å ha blitt ønska velkommen av administrerande direktør Espen Remme, fekk brukarorganisasjonane ordet. 

 - Begrepet pakkeforløp kan gi eit inntykk av at pasientane skal sendast ut som en pakke i eit fastsatt system. Heldigvis er det ikke slik. Pakkeforløpa beskriv korleis spesialisthelsetenesta og kommunane skal samhandle med pasienten for å komme fram til god og riktig behandling. Og brukarmedverknad er ein rød tråd gjennom heile forløpet, sa Per Gimnes frå organisasjonen Mental helse.


Eva-Brit Langva frå Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse

Eva-Brit Langva frå Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse

Eva-Brit Langva, frå Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse, fortalde ei sterk sjølvopplevd historie med erfaringar som både brukar og pårørande. Ho peika på at ein ikkje må gløyme dei pårørande som ressurs i pasientbehandlinga.

 - Pakkeforløpet vil kreve eit samarbeid på kryss og tvers mellom dei ulike helsetenestene, pasient og pårørande, sa Langva som fekk støtte frå Helsedirektoratets Line Eikenes Langsholt.

Langsholt arbeider i det daglege med brukarmedverknad, og fortalte korleis brukarorganisasjonen har vore involvert i utarbeidinga av pakkeforløpet.

- Pasientane blåser i om dei blir behandla i kommunen eller i spesialisthelsetenesten. Vi som bor i kommunen blir behandla i kommunen, sjølv om det blir definert som spesialisthelseteneste. Så kommunane skal vere kobla på heile vegen, sa Langsholt.

Line Eikenes Langsholt frå Helsedirektoratet

Line Eikenes Langsholt frå Helsedirektoratet

Ålesund kommune var representert med leiar for tildelingskontoret for helse- og omsorgstenester, Birte Vegsund, som påpeika viktigheita av gode koordinatorer i kommunane. 

- Koordinatoren skal være med på å hindre at ting glipper og vere tilgjengeleg for brukar og pårørande. Målet er å bidra til ei betre koordinering av tenestene. Og det skal vere slik at det finst eit system i kommunen som bidrar til å ivareta denne rolla, sa Vegsund.

Birte Vegsund frå Ålesund kommune

Birte Vegsund frå Ålesund kommune

I gong fra 15. februar 2019

I tillegg til viktige innspel frå brukarperspektivet, hadde Helsedirektoratet to innlegg om målsettinga, forventninga og moglegheitane som innføringa av pakkeforløpet vil gi.

Psykiatar og spesialrådgivar Torhild Torjussen Hovdal har vært med heilt frå starten i utviklinga av pakkeforløpa.

- Det var ein del motstand da vi starta, og eg som behandlar sjølv har lært utrolig mykje i løpet av denne prosessen. Nå startar eg førstemøte med pasienten med å spørre kva som er viktig for deg, sa Hovdal.

Torhild Torjussen Hovdal frå Helsedirektoratet

Torhild Torjussen Hovdal frå Helsedirektoratet


Dei tilstandsspesifikke forløpa blir klare i løpet av desember 2018, og første pasient kan tilvisast frå 15. februar 2019.

Helse Møre og Romsdal var representert med fagfolk frå vaksenpsykiatrien, barne- og ungdomspsykiatrien, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og frå Fagavdelinga. De viste korleis utforminga av pakkeforløpa ser ut, og ikkje minst korleis ein kan monitorere behandlinga undervegs.

Forløpsansvarleg Manuela Strauss i psykisk helsevern barn og unge

Forløpsansvarleg Manuela Strauss i psykisk helsevern barn og unge

Her er alle presentasjonane frå konferansen:

Eit løft for sterkare brukerinvolvering:

Overordna målsetting, forventninger og moglegheiter ved innføring av pakkeforløp:

Om innhaldet i pakkeforløpa:

Somatisk helse og levevanar - kva blir ny praksis?

Det heilhetlege forløpet - om overgangar, koordinering og samhandling