Legg fram tiltaksområde for styret

Direktøren er klar på at ei konkretisering må gjerast i nær dialog med leiing, tillitsvalde og verneteneste.

​I oktober konkluderte styret i HMR at vedtatt utviklingsplan for HMR 2019-2022 ikkje vil vere nok for å sikre fagleg og økonomisk berekraft.  Styret bad også om så raskt som mogleg å få ei oversikt som skisserer konkrete og målbare tiltaksområde for å snu den økonomiske utviklinga.

No peiker føretaket på kva tiltaksområde som skal konkretiserast nærmare fram mot styremøtet den 20. februar.

Les også: Må sjå nærare på struktur og funksjonar


- Vi legg no fram område for forbetringstiltak og strukturendringar. Styresaka konkretiserer dei ikkje fullt ut, men i tråd med bestillinga frå styret skisserer vi tiltaksområde som vi må gå nærare inn i fram mot februarmøtet. Ei endeleg avgjerd på konkrete tiltak må også bygge på ei risikovurdering og ei analyse av gevinstpotensiale for desse, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal. 

- I tillegg til involvering av våre eigne tilsette må vi også sikre tilstrekkeleg involvering av brukarane, kommunane og andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Område som er aktuelle

Tiltaksområda som blir lagt fram er vurdert som mogelege tiltaksområde for strukturelle endringar i tillegg til kontinuerleg forbetringsarbeid.

- I arbeidet med tiltaksområda har ein vurdert det slik at det er viktig å skjerme kjerneaktiviteten så langt som råd. Dette betyr ekstra nøye vurdering av alle andre område og strukturar, seier Remme.

Det ligg også føringar i «den gylne regel» om prioritering av psykisk helse for barn og unge, psykisk helse for vaksne og tverrfagleg rusbehandling. Ei slik prioritering er ikkje til hinder for konkret vurdering av mellom anna produktivitet, organisering og institusjonsstruktur slik som i somatikken.

Parallelt med arbeidet er tiltaksområda og prinsipp for prioritering og medverknad drøfta med føretakstillitsvalde og føretaksverneombod, og innspel frå møta er innarbeidd i saka.

Under er det lista opp nokre av prosessane som vil ha særleg fokus framover. For å lese meir om desse les styresaka Oppfølging operasjonalisering av utviklingsplan for eit berekraftig HMR.

  • HMS-Sjukefråver
  • Arbeidsplanlegging
  • Fjernkonsultasjonar
  • Operasjonsstoveeffektivitet

Innan støttefunksjonar (ikkje-medisinske funksjonar) vil ein sjå på desse områda:

  • Drift
  • Arealoptimalisering

Funksjonar ved sjukehusa

  • Utviklingsplan legg til grunn 4 akuttsjukehus fram til SNR blir tatt i bruk
  • Må vurdere om ulike tilbod kan eller bør bli gitt ved færre eller fleire lokalisasjonar enn planlagt
  • Kan ikkje utelukke at fleire funksjonar må samlast eller avviklast i HMR, gjeld somatikk og psykiatri

Tiltaksområde per no innan kliniske tenester

  • Prehospitale tenester
  • Sjå på sengetal samla i føretaket og vurdere korleis kan organisere og optimalisere drift av sengpostane ved dei ulike sjukehusa
  • Rehabilitering
  • Fødetilbodet

Innan samhandling:

  • Utskrivingsklare pasientar

Vegen vidare

Konkretisering av tiltaka med tilhøyrande økonomiske vurderingar  er neste trinn i arbeidsprosessen, og blir lagt fram for styret i februarmøtet. Figuren under gir ei visuell framstilling av planlagt tidsline for vidare arbeid.

Tidslinje operasjonalisering utviklingsplan HMR

Tidsline utviklingsplanen
 

Førstkomande styremøte i Helse Møre og Romsdal er 4. desember 2018.
Sjå også status for arbeidet med utviklingsplan under helse-mr.no/utviklingsplan