Må sjå nærare på struktur og funksjonar

Den alvorlege økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal gjer at adm.dir. og leiargruppa erkjenner at dei skisserte tiltaka i utviklingsplanen ikkje vil gi tilstrekkeleg økonomisk bereevne.

 

​I styremøtet onsdag 24. oktober blir det lagt fram ein styresak der ein peikar på behovet for å gjere ytterlegare tiltak, utover det som er skissert i utviklingsplanen.

Saken må sjåast i samanheng med utviklinga i økonomien i september. Eit minustal på 25,3 millionar for førre månad auker den årlege prognosa til -89 mill. kroner.

- Tala viser at vi må eit skritt vidare. Vi må halde fram arbeidet med å auke produktiviteten samtidig som vi må vurdere effekten av strukturelle endringar i tenestetilbodet, seier adm.dir. Espen Remme.

Viktige verktøy vil ifølge helseføretaket vere kostnad per pasient (KPP) i tillegg til arbeidet med vidare konkretisering av utviklingsplan for HMR.

Les sakene:
Operasjonalisering av utviklingsplan for eit berekraftig HMR (pdf)
Økonomiske minustal for september

HMR har sidan etableringa i 2011 slitt med driftsøkonomisk balanse. Rekneskapen viser at kostnadsnivået ligg over inntektsnivå både i 2018 og for åra framover, dersom ein ikkje klarer effektiviseringa som er føresett.

- Det er mykje som tydar på at omfanget av fagleg tilbod og strukturar, ikkje i tilstrekkeleg grad blir dekt av inntektene vi får gjennom aktivitet og befolkningsgrunnlaget. Ein krevjande geografi, demografi og tenestestruktur – gjer det vanskeleg på lengre sikt å vidareføre dagens tenestestruktur på ein berekraftig måte, seier Remme.

- Trass i at dei økonomiske resultata er krevjande vil en understreke at det blir gjort ein god og engasjert jobb i føretaket. Sjølv om det er krevjande tider så blir det levert veldig gode tenester i poliklinikkar, sengepostar, i ambulante team og utover i heile organisasjonen, understrekar Remme.

Involvering

Utviklingsplanen blei vedtatt i styret i HMR i februar i år, og høyringsrunden i forkant viste at spørsmål om utviklingsretning skapar debatt både politisk, i lokalsamfunna og internt i sjukehusa.

- Vi veit at fordeling av oppgåver og tilgang til tenester, sett opp mot dei ressursane vi har, er tema som er krevjande å handtere. Det er ofte i desse periodane at strid mellom ulike fagmiljø oppstår, og at synspunkt og vurderingar «for-og-imot» ulike løysingar vert spissa, seier direktøren.

For å sikre forankring av arbeidet med å konkretisere tiltaka i utviklingsplanen vil helseføretaket halde fram involveringa av styret, leiinga, fagmiljø, brukarar, tillitsvalde og verneteneste og relevante samarbeidspartar som kommunane og utdanningsinstitusjonane.

Utviklingsplanen og status pr. oktober 2018

Det har gått sju månadar sidan utviklingsplanen blei vedtatt, og mange aktivitetar har vore gjennomført i oppfølginga av planen.

I haust blei forsterka rehabilitering i Ålesund ein reindyrka sikkerheitsseksjon for fylket. Tilsette i klinikk for psykisk helse og rus har også arbeidd hardt med målet om «Riktig og redusert bruk av tvang» i vaksenpsykiatrien, noko som har gitt gode resultat.

To arbeidsgrupper er også i gang med å revidere traumesystemet i HMR, og å utgreie akuttkirurgisk vaktordning for pasientar tilhøyrande Volda Sjukehus.

Les også:
Fylkesdekkande sikkerheitspsykiatri i Ålesund
Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen. 

I oppfølginga av planen skal kvar klinikk arbeide vidare med eigne tiltak. Nokre av desse har ein langsiktig horisont medan andre er planlagt gjennomført i 2018-2019. Det er mange avhengigheiter mellom fagområda og klinikkane, og klinikksjefar og aktuelle stabsdirektørar jamleg møter med utviklingsplanen som tematikk. Arenaen gir helseføretaket ein moglegheit til å sjå aktuelle tema på tvers og til å koordinere seg i prosessane.

Les meir om utviklingsplanen og bygningsmessig utviklingsplan her.

Under finn du eit utdrag av kva ein arbeider med i samband med utviklingsplanen.

Klinikk for psykisk helse og rus

  • Klinikken har fått ein fylkesdekkande sikkerheitsseksjon i Ålesund
  • Innan psykisk helse og TSB førebur ein seg på innføring av standardiserte pasientforløp som blir gjeldande frå 1. januar 2019. Dei skal m.a. arrangere ein konferanse om tematikken den 30. oktober, der også helseminister Bent Høie skal delta. 
  • Etablert eige FoU-utval i klinikken. 
  • Har arbeidd intensivt med tematikken «Riktig og redusert bruk av tvang» og har gjennomført ein omfattande kursing av tilsette innan Terma (Terapeutisk mestring av aggresjon).

Klinikk for kirurgi

  • Har satt i gong to arbeidsgrupper hausten 2018. Den eine skal vurdere akuttkirurgisk vaktordning for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus, medan den andre skal sjå på organiseringa av traumesystemet i helseføretaket.
  • Robotkirurgi. Saman med klinikk for kvinner, barn og ungdom har ein mål å få arbeidgruppa etablert vinteren 2018/2019.
  • Arbeidet med samling av fagmiljøet innan karkirurgi, mamma-/endokrinkirurgi i HMR er i gong. Målet er å etablere fagaksar som sikrar kompetanse og tar omsyn til pasientane.
  • Samarbeid på tvers har gitt auka arbeidsdeling mellom sjukehusa slik at ein nyttar kapasiteten og kompetanse best mogleg
  • Klinikken har fleire fagområde der det er rekrutteringsutfordringar når det gjeld spesialistar. Dette er noko ein jobbar aktivt med.

Klinikk for medisin og rehabilitering

  • Frå 1. september har klinikken samla hematologisengar i Ålesund ei eining i Kreftavdeling
  • PET: Mål om å starte eit arbeid i vinter saman med økonomiavdelinga. På grunn av investeringskostnadar vil tidsramma for oppstart og drift vere nokre år fram i tid.
  • Mandat for arbeidet med rehabilitering vil vere klart før nyttår
  • Ei gruppe som ser på arbeidsretta rehabilitering er oppnemnd i klinikken. Grip også inn i klinikk for akuttbehandling og rusfeltet (klinikk for psykisk helse og rus), og desse blir også involvert.
  • PCI: Arbeider med korleis utgreiinga kan organiserast

Klinikk for diagnostikk 

  • Førebur samling av fagmiljøa innan patologi. 
  • Arbeidsgruppa som vurderer alternative transportordningar mellom sjukehusa og mellom sjukehus og legekontora skal komme med si anbefaling hausten 2018
  • Rekruttering/kompetanseheving: Rekruttert overlege og LIS innan patologi. Har tatt i bruk snittscanner, både i Ålesund og i Molde (start på innføring av digital patologi).
  • I gang med å førebu innføring av nytt labsystem (HMN LAB)

Klinikk for akuttbehandling

  • Arbeidet knytt til sterilforsyning i HMR er godt i gong
  • Oppbygging av Simuleringseining er under planlegging
  • Observasjonssenger/korttidssenger blir utgreidd med tanke på etablering ved nokre av sjukehusa
  • Smertetilbodet i HMR skal utgreiast. Per no er kartlegging er gjennomført.

Klinikk for kvinner, barn og ungdom

  • BUP-poliklinikkane har mange forbetringstiltak i gong, bl.a. ein stor prosess knytt til pasientflyt og standardisering
  • Innføring av nasjonale standardiserte pakkeforløp for psykisk helse og rus 1. januar 2019, inkluderer også barn og unge 
  • Kapasiteten er auka ved Ungdomspsykiatrisk døgnseksjon i Ålesund, samtidig som ein vidareutviklar kompetansen, bl.a. gjennom eit nasjonalt kompetansenettverk (KVIP)
  • Arbeidet med samanslåinga av føde-/barselavdelingane i Kristiansund og Molde, som skal vere i gang i 2019, blir i desse dagar førebudd
  • Barneblikk, som er eit lågterskeltilbod for småbarnsfamiliar (gravide og barn 0-6 år) med rus- eller psykiske vanskar, er eit omfattande samhandlingsarbeid som er i stadig utvikling

Bygningsmessig utviklingsplan

  • Akuttmottak og obs. sengar Volda sjukehus Arbeidsgruppe er oppretta og forprosjektet vil bli avslutta kring årsskiftet. Inkluderer også tilpassing av areal i 1. og 2. etasje for å betre forholda for poliklinikk og dagbehandling. Planlagt gjennomføring i 2019-2020. Side 7 av 13.
  • Akuttmottak og korttidspost Ålesund sjukehus Arbeidsgruppe er oppretta og forprosjektet vil bli avslutta kring årsskiftet. Planlagt gjennomføring i 2019-2021. 
  • Ei arbeidsgruppe ser på moglege løysingar for bruk av bygget som tidlegare var brukt av Hjelpemiddelsentralen i Ålesund (nabobygg til sjukehuset). Arealet er evt tenkt brukt til barne- og vaksenhabiliteringa som i dag ligg i høgblokka. Det er ikkje tatt noko avgjerd om eit evt. kjøp bygget. 
  • Kjøp av bygg (gml. legevakt Ålesund) er gjennomført. Bygningsmassen er førebels ikkje tatt i bruk. 
  • Ny strømforsyning Ålesund sjukehus. Planlagt gjennomføring i 2019-2020. Tekniske forhold kring prosjektet vil kunne verke inn på planlegging og gjennomføring av akuttmottak og kortidspost, samt ny intensiv (operasjonsfløy). 
  • Ny intensiv Ålesund sjukehus (operasjonsfløy) Planlagt gjennomføring i 2021.

Ekstern samhandling

  • Justering og høyring av Samhandlingsstrategien mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal. Samhandlingsstrategien skal endeleg godkjennast i møte i Overordna samhandlingsutval (OSU) 27. november 2018.
  • «Møteplass Møre og Romsdal» er ei satsing på felles retningslinjer for samarbeid mellom legar i og utanfor sjukehus. Retningslinjene har vore på høyring og skal forankrast i OSU 27. november 2018. 
  • Revisjon av samhandlingsavtalen, herunder samhandlingsstruktur, vil ha sin oppstart i første møte i forhandlingsutvalet 8. november.
  • I DMS Sundal er det avvikla røntgen, blodtapping og ortopedi. Helseføretaket er i dialog med Sunndal om vidare utvikling av DMS’et og i nær integrasjon med utvikling av DMS Kristiansund.

Nok helsepersonell med rett kompetanse

  • Det blir jobba med rekrutteringsstrategi og struktur for å styrke samhandlinga mellom HMR og utdanningsinstitusjonane i fylket

Teknologi, samhandlingsverkty og Helseplattformen

  • Helseplattformen blir eit viktig verkty for å nå måla i utviklingsplanen, og vi må utnytte potensialet som ligg i å ta i bruk moderne teknologi og digitalisering for å betre pasientbehandlinga og pasienttryggleiken
  • Regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett 2019 legg grunnlaget for finansiering av Helseplattformen i Midt-Norge. Det er sett av 575 millioner kroner samla i lån og tilskudd for ei felles elektronisk pasientjournalløsning for spesialisthelseteneste, kommuner og fastleger.