Øver for å styrke beredskapen
Målet med helseøvinga er å styrke helseberedskapen i Norge for å vere best mogleg førebudd på å yte livreddande helsehjelp der mange er skadd. Ved evakuering og ved spreiing av farlege stoff.
Auka aktivitet i Kristiansund
Ei lang rekke aktørar deltek i øvinga i Kristiansund måndag og befolkninga må difor vere førebudd på høgare aktivitet i byen og vil oppleve fleire utrykkingar enn normalt.
- Innbyggarar som kjem køyrande over Sørsundbrua måndag føremiddag vil passere ein kontrollpost som er sett opp i samband med øvinga. I tillegg vil det vere auka ambulanseaktivitet på vegane denne dagen. Ved Sjukehuset i Kristiansund vil pasientar og besøkande kunne møte vektarar og personar som er realistisk skadesminka, seier beredskapssjef i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose.
Den akuttmedisinske beredskapen vil ikkje reduserast i samband med øvinga. Om det oppstår ei reell hending som krev innsats frå ressursane som deltek i helseøvinga så vil delar av øvinga kunne bli avslutta påpeiker Ose.

Slik vil du merke øvinga
- Auka ambulanseaktivitet og utrykkingar frå naudetatane (lyd, lys og auka hastigheit)
- Synleg vakthald ved Sjukehuset i Kristiansund
- Høgare aktivitet enn normalt i akuttmottaket i samband med at pasientar som deltek i øvinga kjem til sjukehuset
- Du vil kunne møte personar som er skadesminka på sjukehuset
Les meir om helseøvinga her
Helseøvinga går parallelt med NATO-øvinga Trident Juncture
Av:
Guri Viken