Nasjonal helseøving 2018 og lokal øving i Kristiansund 29.oktober

Stor øving ved Kristiansund sjukehus
Nasjonal helseøving 2018 skjer samtidig med den store NATO-øvinga i Norge i haust. Helseøvinga vil ikkje påverke Helse Møre og Romsdal sin moglegheit til å gje akuttmedisinsk bistand til befolkninga i perioden øvinga pågår

Ein skadd person får hjelp under ei øving i Ålesund

Stor øving ved Kristiansund sjukehus
Nasjonal helseøving 2018 skjer samtidig med den store NATO-øvinga i Norge i haust. Helseøvinga vil ikkje påverke Helse Møre og Romsdal sin moglegheit til å gje akuttmedisinsk bistand til befolkninga i perioden øvinga pågår.

Det at NATO øver i Norge, gir oss ein unik moglegheit til å trene saman med Forsvaret, NATO og frivillige organisasjonar. Helse- og omsorgsdepartementet har derfor bestemt at Nasjonal helseøving 2018 skal samordnas med NATO-øvinga «Trident Juncture».

Frå øvinga i Volda 2017
 
Frå øvinga i Ålesund 2016

Bilete frå øvingar i Ålesund og Volda

Les alt om nasjonal helseøvelse 2018

Øvinga i Kristiansund

I Møre og Romsdal er øvinga lagt til Kristiansund og 29.oktober blir det gjennomført ei fullskalaøving kor Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og Heimevernet er hovudaktørar. Tema for øvinga er masseskade og alle som har funksjonar og roller i Kristiansund sjukehus sin massetilstrømmingsplan skal i utgangspunktet øve.

I tillegg deltek naudetatar som politi, brann- og redningstenesta.
Naudsentralane, Sivilforsvaret, Forsvaret, NATO, Fylkesmannen, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Avinor og Vestbase og Helse Midt-Norge er også aktørar under øvinga.

Konsekvensar for pasientar

Helseøvinga vil ikkje påverke Helse Møre og Romsdal sin moglegheit til å gje akuttmedisinsk bistand til befolkninga. Planlagt aktivitet er redusert på øvingsdagen. Alle skal likevel få den helsehjelpa dei har behov på øvingsdagen. Dette gjeld både akutt og planlagt behandling hos fastlege, legevakt og på sjukehus.

Ved behov for akutt helsehjelp, ring 113.


Har du spørsmål? Sjå om du finn svaret her:

Skal eg møte som avtalt til timen?
Ja. Om du har time hos helsetenesta, eller har fått innkalling til sjukehuset, skal du møte som avtalt.

Kvifor øver helsetenesta?
I Norge har helsetenesta ansvar for å gje nødvendig helsehjelp til både sivilbefolkninga og militære soldatar – i ein krigssituasjon så vel som i fredstid. Det er Norge også forplikta til som medlem av NATO. Helsetenesta skal blant anna vere forberedt på å gje helsehjelp ved evakuering av mange  sivile personar og når fleire er skadde som følgje av krigshandlingar eller av andre årsakar. Dette er ein viktig del av totalforsvaret av Norge. Gjennom nasjonal helseøving har vi ein unik moglegheit til å trene på dette saman med Forsvaret, NATO og frivillige organisasjonar.

Kva går øvinga ut på?
Vi skal øve på å redde liv og sikre god helsehjelp når mange er skadd. Gjennom øvinga vil vi trene beredskapsleiinga og samarbeid mellom ulike helsetenester og beredskapsaktørar.
Kven skal øve?
Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og Heimevernet er hovudaktørar.

I tillegg deltek naudetatar som politi, brann- og redningstenesta. Naudsentralane, Sivilforsvaret, Forsvaret, NATO, Fylkesmannen, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Avinor og Vestbase og Helse Midt-Norge er også aktørar under øvinga

Kva om det skjer en alvorleg ulykke?
Saman med Forsvaret og NATO har vi planlagt helseøvinga i mange månadar. Skulle det skje ulykker i forbindelse med at vi øver, er vi godt førebudd på å handtere det. Dersom det oppstår ein reell situasjon som krev ressursar frå dei som øver, vil helseøvinga bli stoppa og den reelle hendinga blir prioritert.

Kvifor øver NATO i Norge?
For å skape sikkerheit for Norge og tryggleik for befolkninga, er Forsvaret avhengig av å øve saman med våre allierte. Derfor er Norge hausten 2018 vertsland for NATO si store øving «Trident Juncture».


Lokal øvingsleder I Kristiansund er Hans Olav Ose, e-post: hans.olav.ose@helse-mr.no