Normal beredskap igjen ved Ålesund sjukehus

Det er igjen normal beredskap ved Ålesund sjukehus etter at beredskapsnivået tidlegare i dag blei heva til gult. Brannen i bustadblokka på Volsdalsberga i Ålesund er sløkt og situasjonen er under kontroll.

Tre menn, ein i tjueåra og to i femtiåra blei frakta til sjukehus og har fått behandling for lettare røykskader. Dei tre blir liggjande til observasjon ved sjukehuset til i morgon.

Kl 12.40: Ålesund sjukehus er tilbake i normal beredskap

Kl 12.09: Per no er 3 pasientar sendt til Ålesund sjukehus

Kl 11.53: Foreløpig er 2 pasientar sendt til Ålesund sjukehus.

Status på pasientane som er sendt til Ålesund sjukehus etter hendinga blir lagt ut her

Meir informasjon om evakuering av bebuarar (alesund.kommune.no)