Ny fagdirektør i Helse Møre og Romsdal

Torstein Hole (61) er tilsett i stillinga som fagdirektør. Hole har vore konstituert i stillinga frå mai 2018.

Torstein Hole
Torstein Hole

Den nye fagdirektøren er hjartespesialist (kardiolog) og har doktorgrad frå 2003. Han har arbeidd ved St.Olavs hospital og ved ulike sjukehus i Helse Møre og Romsdal.  For nokre år sidan tok han det nasjonale toppleiarprogrammet for helseføretaka, og har hatt ulike leiarstillingar i helseføretaket sidan 2005.

- Eg søkte stillinga fordi det er ei spennande utfordring å arbeide meir med oppgåver som skal vere ei støtte i pasientbehandlinga. Eg tar med meg eigne erfaringar som klinikar og som mangeårig leiar inn i den nye rolla, og gler meg å vidareutvikle tenestene våre saman med dyktige fagfolk og leiarar, seier Hole.

Dei siste åra har han vore klinikksjef for medisin og rehabilitering med ca 1450 tilsette, og har i tillegg hatt ei forskarstilling ved NTNU. I 2017 mottok Hole saman med Marit Kvangarsnes det regionale brukarutvalet sin forskingspris.

- Vi er glade for å få med Torstein Hole på laget. Han har gode føresetnader for den krevjande og spennande oppgåva det er å leie eit arbeid som har ei så stor spennvidde – frå samhandling og pasienttryggleik til forsking og klinisk IKT, seier adm.dir. Espen Remme.

Stillinga som Hole har vore tilsett i til no, Klinikksjef for Klinikk for medisin og rehabilitering, blir lyst ut innan kort tid.