Ny operatør på helikopterbasen frå 1. juni

Sidan 1994 har Lufttransport RW AS hatt ansvar for fartøy, pilotar og redningsmenn ved helikopterbasen i Ålesund. Frå i dag er det Norsk Luftambulanse som flyr ambulansehelikopteret, og overgangen blei markert med ei samling på basen dagen før operatørskiftet.
Representantar frå Norsk Luftambulanse, Lufttransport AS, Helse Møre og Romsdal og Luftambulansetjenesten HF
Lars Erik Bragstad frå Norsk Luftambulanse, Preben Aak frå Lufttransport AS, klinikksjef for akuttbehandling Kjersti Bergjord, seksjonsleiar for Ambulansehelikopter - RW Beate Stock og Pål Madsen i Luftambulansetjenesten HF

I 2017 vann Norsk Luftambulanse AS anbodet som blei gjennomført nasjonalt. Frå før har dei ansvaret for ni av dei andre helikopterbasane i Noreg, og er no har dei ansvar for alle basane, inkludert Ålesund. Det medisinske ansvaret for ambulansehelikopteret er det Helse Møre og Romsdal som har, og som bemannar fly og helikopteret med anestesisjukepleiarar og anestesilegar.

– Eg vil takke Lufttransport for samarbeidet vi har hatt på kvar vakt i alle desse åra, og for korleis vi har løyst utfordringar saman. Samtidig vil eg ønskje Norsk Luftambulanse (NLA) velkommen som ny operatør. Ei slik endring byr også på nye moglegheiter, sa Kjersti Bergjord klinikksjef for akuttbehandling i Helse Møre og Romsdal.
Under markeringa var det godord både frå tidlegare og ny operatør, og frå det nasjonale helseføretaket Luftambulansetenesten HF som har det overordna driftsansvaret for all luftambulanse i Noreg. 
– Basen i Ålesund ligg over gjennomgsnittet nasjonalt når det gjeld aktivitet, og den er ein av basane i landet med flest sekundæroppdrag og frakt av intensivpasientar. Når vi ser fjella rundt oss kan vi også forstå at basen har mange redningsoppdrag. No vil ny operatør vere med på å gi kraft også til utviklinga av basen framover, sa medisinsk rådgivar Pål Madsen som representerte det nasjonale helseføretaket Luftambulansetjenesten HF.