Nytt tilbod om måling av beintettleik

Helse Møre og Romsdal har no fått to nye maskiner som kan måle beintettleiken i Ålesund og Kristiansund.

Illustrasjonsbilete frå måling av beintettleik

I september ble to røntgenmaskiner installert og tekne i bruk på Ålesund sjukehus og Kristiansund sjukehus. Disse maskinene kan foreta såkalte DXA-målingar, som måler tettleiken av beinmineral i skjelettet.
 
Fram til no har det også vore eit tilbod om å måle beintettleiken ved Volda sjukehus. Denne maskina er no ute av drift og kan ikkje reparerast. Pasientar i Møre og Romsdal som skal gjere ei slik måling vil derfor bli tilvist til Ålesund eller Kristiansund sjukehus.

Informasjon om målinga:

Eit sterkt beinvev gjer at knoklane ikkje brekk når ein fell eller blir utsett for andre støyt mot kroppen. Alle tape beinvev med alderen, noko som gjer at vi blir meir utsett for beinbrot eller brestar. Dersom beintapet er over ei viss grense, blir det kalla beinskjørheit eller osteoporose.

Ved å måle beinmassen med DXA-maskina kan ein gi korrekt diagnose, ved mistanke om beinskjørheit.

Les meir om målinga på helse-mr.no.