Det økonomiske resultatet for sommarmånadane viser eit avvik på minus 1,2 mill.
kroner i juni og minus 1,7 mill. kroner i juli. Det er ei positiv utvikling
samanlikna med fjoråret, kor ein endte opp med eit negativt resultat på 35,7 for
dei to sommarmånadene.
Juni-resultatet er korrigert for endringar i basisramme som gjeld jan-mai.
Høg aktivitet og behandling av fleire pasientar enn planlagt har hatt positiv
innverknad på resultatet. Samtidig har ein i årets budsjett tatt betre høgde for
kostnadar ved ferieavviklinga enn i 2017.
Avvik mot budsjett hittil i år (t.o.m juli) er på minus 20,7 mill. og
prognosa er uendra frå mai månad med eit avvik mot årsbudsjett på minus 40 mill.
kroner.
Totalt for helseføretaket ligg bruk av bemanning framleis over budsjett og
nivået for 2017, medan sjukefråveret har gått ned noko i juli og ligg denne
månaden på 7%.
Neste styremøte i HMR er den 12. september.