Økonomiske minustal for september

Fleire faktorar påverkar rekneskapen for september slik at Helse Møre og Romsdal går i minus. Lågare aktivitet i fleire klinikkar har gitt ein inntektssvikt på -11,7 mill. kroner, og eit avvik på løn på 13,7 mill. kroner aukar kostnadene.

 

Trass i ein økonomisk buffer og innsparing på m.a. medikament og andre driftskostnadar viser det økonomisk resultatet for september minus 25,3 mill. kroner.

– Dei økonomiske minustala for september er alvorleg for føretaket, og det er ei samansetting av fleire forhold som forklarer dette, seier adm. dir. Espen Remme. Han trekker samstundes fram at dei tilsette arbeider godt for at organisasjonen skal lykkast både med pasientbehandlinga og økonomien, og at ein over fleire månader tidlegare også har sett ei betre utvikling i det driftsøkonomiske resultatet.

– Vi får også tilbakemelding gjennom leiarlina om fleire som opplever det som utfordrande å halde rammene ut frå dei forventningane det er til å oppretthalde tenester og strukturar, seier Remme.


I tillegg til ein nedgang i inntekter og auke i kostnadar gir også årets lønsoppgjer ein meirkostnad på om lag 18 millionar utover det som har vore budsjettert (4 mill. blir bokført september). Nye oppgjersformer på laboratoriekostnader og legemidlar gir også uføresette utslag for økonomien, og helseføretaket får ein auke i kostnader på om lag 13 mill utover tidlegare berekningar. 7 mill. av desse blir bokført i september.

Arbeid med eksisterande tiltak for økonomisk balanse

Det er budsjettert med tiltak for om lag 88 mill. kroner per september. Mange av einingane i føretaket har innfridd tiltaka på mellom anna løn, men samla sett har ein ikkje enno klart omstillinga. Det er stor variasjon i tiltaksoppnåinga både mellom og innad i klinikkane, og sjølv om mange seksjonar innfridd tiltaka viser dette ikkje når fleire går med underskot.

Nye tiltak med verknad seinast frå 1. oktober

Ei samla leiargruppe slutta seg til ein varig reduksjon på 59 månadsverk (variable og/eller faste) den enkelte månad frå seinast 1. oktober, og reduksjonen ligg i starten av oktober på 44,5 årsverk. Ei av tilbakemeldingane er at ytterlegare reduksjon er vanskeleg utan større endringar i drifta.

For å sikre varig effekt ser ein på tiltak knytt til redusert fråver, betre turnusplanlegging, rekruttering, betre arbeidsflyt og standardisering.


Statusrapporten for HMR blir lagt ut her i løpet av onsdag (styreadministrasjonen).