Opplæringspakke gir reduksjon i bruk av tvang

I løpet av halvanna år har rundt 500 tilsette i Klinikk for psykisk helse og rus blitt kursa i terapeutisk meistring av aggresjon. Det har gitt resultat.

Klinikkleiing og termainstruktørar på samling i Molde: F.v Karl Arne Remvik, Berit Kalgraff, Eirik Harnes Giske, Erik Follestad,
Klinikkleiing og termainstruktørar på samling i Molde: F.v Karl Arne Remvik, Berit Kalgraff, Eirik Harnes Giske, Erik Follestad, Anders Hammernes, Mattias Brekke, Merete Nordhaug, Torun Sandvik, Hans Petter Vikhagen og Nils-Arne Skagøy

Forsommaren 2017 blei dei første kursa i terapeutisk meistring av aggresjon (TERMA) arrangert. 

TERMA-kursa går over to dagar og gir dei tilsette innsikt og kunnskap om kva tilnærmingsmetodar som kan førebyggje aggressiv åtferd og ulike strategiar for å handtere aggresjon på ein god måte.

Reduksjon i tvangsbruk på 50 %

- Vi ser at TERMA i stor grad har bidrege til ei endra haldning i bruk av tvang. Statistikken på Sunnmøre viser ein reduksjon i mekanisk tvangsbruk på 50 % når ein samanliknar tal vedtak året 2017 med 2018, seier TERMA-koordinator Annette Saunes i Klinikk for psykisk helse og rus på Sunnmøre.

Annette Saunes

Annette Saunes


Saunes  jobbar i det daglege på den lokale sikkerheitsposten i Ålesund  har arbeidd med prosjekt for kvalitetssikring av riktig og redusert bruk av tvang, og har samla data om bruk av tvang i si avdeling.  Ho har også brukt spørjeundersøkingar retta mot tilsette for å innhente tilbakemeldingar og informasjon.

- Tilbakemeldingane vi har fått underbygger at TERMA bidreg til auka pasient- og personaltryggleik om riktig og redusert bruk av tvang, seier Saunes.

- I tillegg til at dette har auka kompetansen når det gjeld bruk av tvang, har vi fått svært gode tilbakemeldingar på kursa. Instruktørane har hatt eit stort og positivt engasjement og har blitt viktige ressurspersoner når det gjeld arbeidsmiljø og det å jobbe med kulturendringer på tvers av fagmiljøa, seier Saunes.

Sjukefråveret redusert

Ho får støtte frå TERMA-koordinator Tarald Jensen på Nordmøre.

- Vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå behandlarane på at kursa har vore nyttige, seier Jensen.

Alle tilsette i avdeling for sjukehuspsykiatri  i helseføretaket har fått tilbod om TERMA-kurs. Det blir også heldt repitisjonskurs for dei tilsette kvar veke.

-  Det er også hyggeleg å registrere at sjukefråveret samla sett i sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre og Nordmøre har gått ned etter at vi innførte dette som eit tiltak, utan at vi kan seie for sikkert at det har ein direkte samanheng, seier Saunes og Jensen.

På Hjelset, som husar sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal, har ein hatt ein reduksjon i sjukefråver fra 12 % i 2017 til 10,2 % i 2018. I Ålesund er fråveret redusert frå 9,7 % i 2017 til 8,6 % i 2018.

FAKTABOKS
​BRUK AV MEKANISK TVANG
Korleis blir det brukt tvang?
Innan psykisk helsevern er bruken av tvangsmiddel eit ekstraordinært tiltak i helsehjelpa. Det kan berre bli brukt når det er heilt nødvendig for å hindre pasienten i å skade seg sjølv eller andre, eller for å unngå betydeleg skade på bygningar og inventar, når andre middel har vist seg å vere utilstrekkelege.
Kven gjer vedtak om bruk av tvang?

Ein lege som er spesialist i psykiatri eller ein klinisk psykolog med vedtakskompetanse har det faglege ansvaret for tvangsvedtak.

Ulike typar tvang
Mekaniske tvangsmiddel blir brukt for å hindre pasienten sin moglegheit til å bevege seg fritt, inkludert belte, reimer samt skadeførebyggande spesialklede (førebyggande spesialklede blir ikkje nytta i HMR).

I tillegg til mekaniske tvangsmidlar er det heimel for å nytte følgjande tvangsmiddel:

• Kortvarig plassering bak låst eller stengt dør utan personale til stades (dette blir ikkje brukt i HMR)
• Enkeltståande bruk av korttidsverkande legemidlar i beroligande eller bedøvande hensikt
• Kortvarig fasthalding

Bruken av mekaniske tvangsmidlar blir påverka av bruken av andre tvangsmiddel. Mykje bruk av ein type tvangsmiddel kan føre til mindre bruk av anna tvangsmiddel. Ein annen viktig faktor er dei tilsette sin kompetanse, erfaring og kulturen på den enkelte seksjon. Utforming av bygget er også ein faktor, og alvorleg sjuke pasientar treng nok areal rundt seg.

I Helse Møre og Romsdal gjennomførast tvang i følgjande seksjonar:
• Seksjon for akutt psykisk helse Hjelset
• Seksjon for rehabilitering Hjelset
• Alderspsykiatrisk seksjon Nordmøre og Romsdal
• Seksjon for akutt psykisk helse Ålesund
• Lokal sikkerheitspsykiatri HMR
• Alderspsykiatrisk seksjon Sunnmøre
Korleis blir bruk av tvang dokumentert?
Registrering av tvangsvedtak blir gjort i tre ulike system:

• Manuelle tvangsprotokoller. Her blir vedtaket ført for hand.  Protokollane blir nytta av kontrollkommisjonen i kontrollen av vedtaka som blir fatta.
• Pasientadministrativt system. Blir blant anna brukt for å rapportere til sentrale myndigheiter.
• Pasienten sin elektroniske journal. I journalen blir det dokumentert kva pasienten har fått av utgreiing og behandling, inkludert dokumentasjon av tvang.