Øvelse-øvelse: Styrka behandlarkapasitet ved Kristiansund sjukehus

Øvelse-øvelse - Vi har utfordringer med kapasiteten til å ta imot fleire intensivpasientar ved Ålesund og Molde sjukehus, og har derfor styrka behandlarkapasiteten ved Kristiansund sjukehus for å unngå unødige overføringar til dei andre sjukehusa.

​Helse Møre og Romsdal overvakar situasjonen i fylket, og har gjort nokre tiltak for å sikre at sjukehusa kan ivareta ein eventuell utvikling i situasjonen.

- Vi har også gjort nokre grep der vi planlegger moglege overføringar av pasientar over helga - bl.a til Kristiansund kommune. På den måten får vi også frigjort kapasitet. I tillegg har vi overført pasientar mellom sjukehusa, sier fagdirektør Torstein Hole. Pasientar som blir overført til kommunane blir sikra eit forsvarleg tilbod ut frå behovet dei har, seier fagdirektøren.

I ein eventuell beredskapssituasjon vil det bli gjort nødvendige tiltak for å sikre liv og helse, ut frå eit fast planverk som helseføretaket øver på gjennom året. Dersom det oppstår ein slik situasjon kan behandling av pasientane skje i eit samarbeid mellom sjukehusa. Ved behov kan pasientar sendast til sjukehus i eller utanfor helseføretaket, eller det kan vere aktuelt å sende ressursar til det sjukehuset som treng bistand. Alle sjukehusa i HMR trenar regelmessig på at slike beredskapssituasjonar kan oppstå.

Øvelse -øvelse – øvelse

Les meir om nasjonal helseøving 2018 her https://helse-stavanger.no/nasjonal-helseovelse-2018