Samhandlingsstrategi på høyring

Med bakgrunn i vedtatt utviklingsplan og innsatsområda i samhandlingsperspektivet, er samhandlingsstrategien revidert. Høyringsdokumentet ble sendt ut til kommunane før sommaren, og høyringsfristen er sett til onsdag 22. august.

kollasj
 

Den justerte samhandlingsstragien sendast no på høyring med siktemål om handsaming av strategien i møtet 11.september i Overordna samhandlingsutval.

Utkastet til den nye samhandlingsstrategien finn du her.

Bakgrunn

Med mål om å identifisere samhandlingsområda med behov for særskild fokus i det langsiktige planarbeidet, vedtok Overordna samhandlingsutval i møte 15 januar 2014 at det skulle utarbeidast ein samhandlingsstrategi.

Eit fyrste utkast av samhandlingsstrategi 2015-2017 vart framlagt for Overordna samhandlingsutval 18. februar 2015. Etter høyringsinnspel blei fyrste samhandlingsstrategi for perioda 2016 - 2018 vedteken i  møte 16.april same år.

Samhandlingsstrategien har som formål å iverksette forpliktinga i inngåtte samhandlingsavtalar, slik at kommunane og helseføretaket saman kan bidra med å realisere nasjonale mål, til pasientens beste. Visjonen er «Samhandling for å utvikle pasientens helsevesen i Møre og Romsdal».

Revidert samhandlingsstrategi 2019-2022

For å operasjonalisere Nasjonal helse- og sykehusplan fekk Helse Møre og Romsdal HF i føretaksmøte 2. juni 2016 i oppdrag å utarbeide ein utviklingsplan. Formålet med utviklingsplanen er å gi ei samla retning for dei viktigaste innsatsfaktorane (kompetanse, samhandling, organisering, bygg mm ), for å understøtte mål om god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar. Utviklingsplanarbeidet vart organisert med eit eige samhandlingsperspektiv for å sikre heilskapleg og gjensidig planlegging.

Med utgangspunkt i vedteken samhandlingsstrategi gjekk kommunane og Helse Møre og Romsdal HF saman om å identifisere og prioritere dei viktigaste utviklingsområda som ein må satse på i lag for planperioden.

Desse område vart løfta fram i samhandlingsperspektivet:

  • Barn og unge 
  • Barneblikksatsinga
  • Prioritere psykisk helsevern og rusbehandling 
  • Styrking av akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 
  • Nok helsepersonell med rett kompetanse/FIUK2 
  • Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient 
     

Med bakgrunn i vedtak frå møtet i Overordna samhandlingsutval 23. mai. 2018, sendast utkast til revidert samhandlingsstrategi 2019 -2022 mellom kommunane og helseføretaket i Møre og Romsdal no til høyring.

I høyringa ynskjer ein sæleg tilbakemelding på følgjande

  1. Er valt målsetjing «Heilskapelege behandlingsforløp med god bruk av ressursar» det rette målet med bakgrunn i utfordringsbilde og behov i Møre og Romsdal?
  2. Er dei valte innsatsområda dei rette områda for å understøtte målsetjinga? Burde det vere fleire innsatsområde, og i så fall kva for område og kvifor?
  3. Sluttar ein opp om forslag om at etablerte fagråd/utval/arbeidsgrupper for strategiperiodens innsatsområder, blir gjeve mandat til å koordinere gjennomføring av dei ulike tiltaka/aktivitetane?  
  4. Sluttar ein opp om at rapportering og evaluering må inngå som ein del av arbeidet med handlingsplanane, og at det skal utarbeidast ein årleg melding til Overordna samhandlingsutval med evaluering av mål og tiltak for å sikre framdrift i samhandlingsarbeidet?
  5. Evt andre synspunkt og innspel til samhandlingsstrategien


Høyringsfristen for Samhandlingsstrategi Møre og Romsdal er sett til onsdag 22. august  2018.
Høyringsinnspel skal sendast postmottak@helse-mr.no