Stian Endresen blir ny samhandlingssjef

Fastlege og praksiskonsulent Stian Endrensen blir samhandlingssjef i Helse Møre og Romsdal frå 1. desember 2018.

Stian Endresen og Torstein Hole

Ny samhandlingssjef Stian Endresen (t.v) og konstituert fagdirektør Torstein Hole.

 

Stian Endresen er fastlege i Ulstein kommune, og har i tillegg vore praksiskonsulent i Helse Møre og Romsdal dei fem siste åra. I si rolle har han blitt kjent med det heilt pasientnære, fastlegane sin kvardag og jobba tett på spesialisthelsetenesta. Frå 1. desember er han klar for rolla der han vil arbeide for eit fruktbart samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta, til det beste for pasientane.

– Det er svært gledeleg å ha fått Stian Endresen som ny samhandlingssjef. Han kjenner samhandlingsområdet godt, og vil vere ein sterk ressurs for Møre og Romsdal i utviklinga av gode og koordinerte helsetenester til befolkninga, seier konstituert fagdirektør Torstein Hole. 

– Eit unikt moglegheitsrom

– Dei store endringane som no skjer med kommunesamanslåingar, innføring av Helseplattformen, bygging av nytt akuttsjukehus på Hjelset og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund gir oss ein unik moglegheit til å forme pasientane  si helseteneste. Ein slik moglegheit har vi aldri hatt tidlegare og vil vi truleg aldri få igjen, seier den påtroppande samhandlingssjefen. Han forklarer at nye strukturar må på plass, og for å lykkast må ein inkludere pasientar, kommunane og Helse Møre og Romsdal som likeverdige partar i endringsprosessane, og her står samhandling sentralt. Han understrekar at det er snakk om éi helseteneste, og at kommunar og helseføretak må kome fram til synkroniserte behandlingsforløp, ikkje parallelle der det same blir gjort to gongar.    

– Eit viktig område er å finne den rette oppgåvefordelinga  mellom sjukehus og kommunar, seier Endresen. Han gler seg til å arbeide meir i lag med brukarorganisasjonar, kommunane, klinikarar og administrasjonen  i føretaket.

Stian Endresen startar i stillinga 1. desember 2018.
Lena Bjørge Waage er konstituert samhandlingssjef fram til Endresen tiltrer stillinga.