Stiller krav om nedbemanning

Styret ønskjer ein plan for nedbemanning av 200 årsverk til ekstraordinært styremøte i januar 2019.

Frå styremøtet i Kristiansund

​Økonomidirektør Heidi Nilsen la fram eit stort økonomisk utfordringsbilde for Helse Møre og Romsdal. Per nå har helseføretaket klart å finne tiltak for 68 millionar kroner, men det manglar tiltak for totalt 185 millionar kroner for 2019.

Varslar strakstiltak

I førre styremøte i oktober blei det kjend at tiltaka i utviklingsplanen ikkje vil gi nødvendig økonomisk bereevne for helseføretaket. 

- Det som er klart er at vi gir eit for omfattande tenestetilbod enn det befolkninga i Møre og Romsdal gir oss i inntekter, sa adm. Dir Espen Remme.

No vedtar styret strakstiltak.

- Det som kan gi effekt på kort sikt er nedbemanning. Og då snakkar vi om ein størrelsesorden på 200 årsverk. Så eg trur vi må sende med direktøren ei bestilling på tal årsverk som må ned, sa styremedlem Nils Kvernmo og fekk støtte frå styreleiar.

Ekstraordinært styremøte i januar

- Eg ser ikkje noko anna alternativ enn at vi må få ein plan for nedbemanning, og vi må gjere det i tråd med spelereglane i arbeidslivet, sa styreleiar Ingve Theodorsen.

Tilsettrepresentant Mikal Gjellan sa han har motførestillinger til ei slik nedbemanning og at det er problematisk å vere med på eit slikt vedtak.

- Men eg føler ikkje at styret har noko alternativ, sa Gjellan.

Nedbemanninga kjem i tillegg til allereie planlagde tiltaksområde for å snu den økonomiske utviklinga som skal konkretiserast i ordinært styremøte i slutten av februar.

Det blir i tillegg eit ekstraordinært styremøte torsdag 24. januar for å behandle framdriftsplanen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og  plan for nedbemanning.